Livet skal levast lokalt - òg i ein pandemi

STERKT ØNSKE: Ordfører i Seljord Beate Marie Dahl Eide mener kommunene selv må få vurdere de lokale forholdene og tilpasse tiltakene deretter. På bilde bak er elever og lærerer på Seljord ungdomsskole. Foto: Privat

– Vi skal vere med på dugnaden, men som ordførar er eg ikkje villig til å la smitteverntiltak på nasjonalt nivå gå ut over mine innbyggjarar.

Måndag 18.januar legg Regjeringa Solberg fram kva reglar vi må følgje i samband med koronoa-pandemien framover. Som ordførar i ei distriktskommune i Vest-Telemark med 0 smitta, og særdeles få smitta i kommunane rundt, så har eg eit veldig sterkt ønske:

La kommunane vurdere dei lokale forholda! La oss bruke vår lokalkunnskap, vår smittevernkompetanse og sunne fornuft til å tilpasse flest mogeleg av tiltaka til det livet vi lever lokalt!

IKKJE DUGNAD FOR EIN KVAR PRIS!

Vi skal vere med på dugnaden, men som ordførar er eg ikkje villig til å la smitteverntiltak på nasjonalt nivå gå ut over mine innbyggjarar. Eg tenkjer då spesielt på barn og unge. Landet er så ulikt, på alle måtar, også i ein pandemi. Eg er redd at det å påtvinge heile landet dei samme sterke tiltaka i tida framover vil skape mindre oppslutning om smitteverntiltaka i befolkninga. Eg er redd for at folk rett og slett vert trøtta ut av pålegg og tiltak FØR vi kjem i ein situasjon der vi får eit smitteutbrot lokalt.

DET ER BARN OG UNGE OG DEI MEST SÅRBARE SOM BER BØRA

Eg er redd for dei mange born og unge rundt om i landet som lir unødig på grunn av vanskelege forhold heime, som har få trygge vaksenpersonar rundt seg, og som utan fritidsaktivitetar ikkje har mogelegheit til å komme seg ut av huset. Eller som vert ekstra utsette når det vert mykje bruk av heimeskule.

Eg er redd for dei mange som har det tungt frå før, og som no sit endå meir aleine med vanskelege tankar. Og som ikkje får nokon innom på kaffibesøk no.

Unntakstilstanden har vart lenge no. For barn og unge er sommarferien ei evigheit. Eg huskar at barneskulen var uendeleg lang. Det føltes som eit heilt liv! Dei inngripande tiltaka gjer noko med dei som veks opp idag, og konsekvensane vil vi sjå i mange år framover.

BY OG BYGD - ULIKE BEHOV

I heile haust og vinter har alle kommunar vore nødt til å drive barnehagar og skular på gult nivå, heilt uavhengig av dei lokale smitteforholda og vurderingar. Det har opplevdes urimeleg å ikkje kunne tilpasse vår eiga drift til våre lokale behov.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I små bygdesamfunn som vårt er ungane mykje saman på tvers av aldersgrupper. For mange er ikkje “bestevennen” født i same kalenderår. Vennskapsband går på kryss og tvers av “kohortane” ein finn på papiret. Det å måtte dele inn klassene og hindre ungane i å vere i lag med vennane sine i friminutta, og i desse dagar òg på fritidsaktivitetar, utan at det er koronasmitte i lokalsamfunnet vårt, føles ikkje rett. Og det gjer noko med ungane.

SMITTEVERN MED SUNN FORNUFT

Det å framover tvinge alle ungdomsskular og vidaregåande skular til å drive på “raudt nivå” og å hindre ungane i å ha organiserte fritidsaktivitetar innandørs er alt for inngripande tiltak!

Så lenge vi ikkje har smitteutbrot så må ungane våre kunne møtast i idrettshallen, på kulturskulen og i svømmehallen.

Normal sosial omgang, sjølvsagt med god avstand og godt smittevern, må kunne vere lov.

Kulturarrangement og andre arrangement der du kan oppretthalde avstand mellom folk må kunne gjennomførast.

Frivillige organisasjonar må kunne drive aktivitetane sine, og lage dei gode møteplassane for folk som motverkar einsemd og isolasjon. Vinter og mørketid er krevande for mange.

Livet må kunne levast når ein kan. Også i ein pandemi!

KVA TENKTE KOMMUNANE FØR 3.JANUAR?

På kvelden søndag 3.januar fekk vi hastevarsel om nye og svært inngripande tiltak på nasjonalt nivå. Då hadde regjeringa funne ut at julehøgtida skapte auka risiko for smittespreiing. Dagen før fekk studentane råd om å ikkje reise til studiestadane sine att.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For Seljord kommune sin del har beredskapsleiinga i heile vinter hatt med oss i planane at jula ville føre med seg auka sjanse for smittespreiing. Vi visste det ville bli meir reising og fleire besøkande til bygda vår, og at t.d. bebuarar på institusjonane våre ville få meir besøk frå område med mykje smitte. Vi var òg klar over at t.d. bruk av studentar som ferievikarar kunne føre med seg risiko.

LOKALE FØREBYGGJANDE TILTAK

Vi sette difor inn førebyggjande tiltak, som skulle gjelde til 11.januar, sjølv om vi ikkje hadde påvist smitte lokalt: Vi innførte mellom anna påbod om at alle tilsette i helse- og omsorgssektoren skulle bruke munnbind. Det måtte også alle besøkande på institusjonar, som hadde vore i område med mykje smitte. Vi har lenge hatt påbod om bruk av munnbind på helsesenteret vårt om du som pasient har vore i område med mykje smitte og skal til legen. Dette er døme på lokale vurderingar, basert på lokalkunnskap og vår lokale situasjon. I ein situasjon utan smitte.

Vår lokale kommuneoverlege er svært opptatt av smittevern og å vere føre var. Vi hadde difor sett 11.januar som dato for våre tiltak, fordi det var tilstrekkeleg med tid til å sjå ei eventuell lokal oppblomstring av smitte etter julehøgtida. Då regjeringa sette 18. januar som dato for sine anbefalingar følgde vi sjølvsagt opp dette lojalt, sjølv om ein utifrå lokale forhold meinte dette var unødig lenge. Vi hadde budd oss på dette lenge. Ved eit eventuelt smitteutbrot er vi heile tida beredt til å innføre strengare tiltak.

GJE OSS TILLIT!

Dette er ikkje eit innlegg for å bagatellisere covid-19, grunnleggjande smittevern eller behovet for sterke tiltak når det trengs. Men, det har vekt på det tre siste orda: når det trengs.

Beate Marie Dahl Eide

Ordførar Seljord kommune