Me har krav på opne møte, Terje Kili

Min tidvise samtalepartner Terje Kili, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Midt-Telemark og tidlegare kommunestyre- og formannskaps- medlem i Bø, hadde i den tørraste «agurktida» ei snodig meiningsytring i Varden. Temaet han tok opp, er like gyldig nå når det er haust - også i kommune-Noreg.

Han nemner innleiingsvis at han «gjennom årene har hatt roller på alle sider av bordet i lokalpolitikken.» Og nettopp derfor finn eg det påfallande at han skriv: «Min erfaring er at lokalpolitikere har behov for å ha arenaer hvor de kan kaste ball og diskutere åpent uten at en står i fare for at et utspill eller en tanke havner i avisa.»

Eg har sjølv ei viss røynsle med lokalpolitikk - rett nok for forunderleg lenge sidan og definitivt på den andre sida «av bordet». I 1992-95 var eg mellom anna kommunestyrerepresentant, nestleiar i hovudutval for kultur, ja, jamvel leiar i alkoholpolitisk utval i Bø kommune. Eg reknar meg faktisk som meiningsberettiga i spørsmålet om lokalpolitisk løyndomskremmeri, noko Terje Kili altså forsvarar i sitt innlegg.

Tenk at folkevalde, valde av deg og meg, kan risikere at «et utspill eller en tanke havner i avisa»! Eg meiner tvert imot: Dei som skal representere innbyggjarane, bør så absolutt finne seg i at det dei mæler når det gjeld lokalsamfunnet, blir referert og kommentert i media. Dersom dei ikkje offentleg tør å stå for sine meiningar, bør dei sanneleg tenkje igjennom si ombotsrolle, at dei har fått folkets tillit.

Terje veit like godt som meg at i prinsippet skal alle møte i kommunestyre, formannskap og kommunale utval vera opne - for presse og publikum. Eg var såleis ikkje aleine om reagere på at det daverande formannskap i Bø i fjor lukka møte når det galdt den etter kvart betente saka om sal av Gullbring kulturanlegg. Eg stilte meg spørsmålet: Kva har desse øvste folkevalde i Bø å løyne? Slikt er og blir eit demokratisk problem.

Den perioden eg sjølv var nokså frittalande folkevalt i Bø, hadde eg fleire innlegg på kommunestyremøte om manglande «åpenhet». (Eg finn ikkje noko dekkande ord på nynorsk.) Eg var - og er - mykje meir journalist enn eg er politikar. Eg meiner så avgjort at innbyggjarane skal få kjennskap til mest mogeleg av grunnlaget for dei vedtak som blir fatta i styrande organ.

Du skriv, Terje: «Det er uansett en realitet at medienes tilstedeværelse i møter skaper andre logikker og debatter enn om mediene ikke er til stede.» Igjen: Tenk det! Eg vil beklage det sterkt dersom dette er «en realitet» i den kommunen der du er ein av dei mektigaste byråkratane.

Sjølv nyttar eg klar tale i dei debattar eg måtte involvere meg i. Og eg set pris på meinings- motstandarar som etter beste skjøn argumenterer imot mine trass alt subjektive oppfatningar. Så eg ser gjerne at du utdjupar dine synspunkt på «de utfordringene som kravet til 'streng' åpenhet kan skape for lokalpolitikken», Terje Kili.

Torbjørn Børte