Meir lokal styring i vindmøllesaker

Vindkraftutbygging er like mykje arealpolitikk som energipolitikk. Slik sett bør planprosessen når det gjeld vindkraft handsamast etter plan- og bygningslova (PBL) og i mindre grad i ljos av energilova.

Dessutan er regjeringa oppteken av å gje kommunane stor grad av sjølvråderett i saker som vedkjem lokalsamfunnet. Såleis møter regjeringa seg sjølv i døra når dei ikkje let kommunane i langt sterkare grad ha medverknad i vindkraftsaker som opplagt har innverknad i lokalsamfunnet. I tillegg skummar utanlandske selskap fløten av norske naturverdiar og landets økonomi som investorar og utbyggarar. Bit for bit blir norske ressursar ofra på kapitalismens utanlandske alter.

Områda som trengs til vindmøller er store areal som i dei fleste kommuneplanar er område for landbruk, natur, friluftsliv eller reindrift, såkalla LNFR-område. Kommunane er planmyndigheit og ei eventuell omdisponering frå denne arealkategorien til andre arealføremål, som til dømes anleggs- og industriområde for vindmølleparkar, er det kommunane som kan gjere etter dispensasjonsparagrafen i PBL, paragraf 7. Fylkesmannen kan rett nok reise motsegn mot slike kommunale dispensasjonar.

Ein har og sett tilfelle av at vindkraftutbyggarar har søkt om dispensasjon frå verneføresegna i verneområde, for å kunne etablere deler av vindmølleparkar der. Resultatet av dette er ukjent, men uansett uakseptabelt.

Vindmølleparkar er som oftast svært arealkrevjande og med store influensområde og er derfor i høgaste grad ei sak om arealbruk, og ikkje bare om energiforsyning. Kommunane bør derfor i langt sterkare grad bli involvert i dei politiske prosessane knytt til vindkraftutbygging, og ikkje som nå bare vera ein høyringsinstans.

Vindmøller er som oftast planlagt bygd i attraktive og verdfulle naturområde. Det må ikkje bli slik at kommunane seier nei til vindmølleparkar med det argument at områda er viktig å bevare som naturområde, for etterpå, når NVE har sagt nei til konsesjon, går inn for hytteutbygging i desse områda.. Dersom kommunanes nei-standpunkt til vindkraft er av omsyn til villreinen og anna naturmangfald, eventuelt tapte beiteområde for husdyr, kan dei same kommunane etterpå vanskeleg satse på hytteutbygging med truverdet i behald.

AREALKREVJANDE: Vindmølleparkar betyr store inngrep i naturen, og her må kommunane få meir å seie og kunne bruke plan og bygningslova, meiner Jon Ingebretsen. Biletet er frå Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune. Foto: Jan Kåre Ness