Arkiv/illustrasjonsbilde
Arkiv/illustrasjonsbilde Foto: Tampa, Wilhelmsen Group / SCANPIX/Arkiv

Når havet blir tryggare enn land

Eg sit i ein sal på ein menneskerettskonferanse. På skjermen rullar opptak frå mobiltelefonar gjort om bord i overfylte gummibåtar på veg over Middelhavet.

«Når havet blir tryggare enn land,» sa filmskaparen. Det er det som skjer. Desse folka har nådd ei grense i seg sjølv, vakna ein morgon og funne seg på ein stad der framtida var så utrygg at havet var tryggare. Ein stad der håpløysa var så skremmande at det å ta med seg ungane for å kryssa hav i ein overfylt gummibåt syntes som det beste alternativet.

Kor mange har drukna? Ingen veit. Hundrevis. Tusenvis. Bare tal. Bare ord. Vi kan ikkje ta det inn. Men ungane i båtane på opptaka på skjermen er verkelege nok til at eg snur meg vekk og lukkar augo. Ikkje maktar å sjå meir. Stenger av og beskyttar meg sjølv.

Samstundes sit eg med vissa om at desse på filmen må ha klart seg! Dei har jo sendt mobilopptaka sine til filmskaparen Khalid Albaih. Dei må ha kome fram utan å drukna, ikkje enda som han vi ser i dei siste klyppa, han froskemenn hentar opp frå botnen. Han duvar. Ei filledukke. Ein dykkar utan maske. Ein som prøvde å koma over, men som gjekk under.

Eg snakkar med Albaih etterpå. Han fekk hundrevis av timar med film. Mykje var for sterkt til å visast. Men sjølv var han nøydd til å sjå gjennom det og blei merkt for livet.

Eg står på lista til Skien KrF. Kva har dette med båtflyktningar å gjera? For meg heng det uløyseleg saman, fordi KrF er det politiske partiet som er flinkast til å bygga politikken sin på prinsippet om å setta andre før seg sjølv. Kall det gjerne nestekjærleik. Kall det gjerne tusen år med kristenarv og eit par-tre hundreår med humanisme. Poenget er at det er dei svakaste som treng politikken mest – borna, dei sjuke, dei avhengige, dei som er fattige, dei som er på flukt.

Vi var mange som såg filmen om båtflyktningane. Rundt 300 frå heile kloden – Bangladesh, Kina, USA, Tyskland, Italia, Irak, Kviterussland, Afghanistan, Syria, Noreg … Sånn er International Cities of Refuge Network som Skien kommune er ein del av og som eg representerte. Men sånn er også verda. Meir og meir er den slik. Den er lita og samanvevd og når alt kjem til alt er vi alle i same båt. Og sånn er sjølvsagt også Skien.

I ei slik verd nyttar det ikkje å tenka at det er dei andre som skal redda miljøet, gje rom til flyktningar og kjempa for den enkelte sin rett til å tru og tvila, leva og få omsorg, elska og bli elska. Vi må gjera det, her hos oss, fordi vi er ein like viktig del av verda som alle andre. (Ja da, eg veit at KrF har vore litt treige når det gjeld akkurat det med å legga til rette for elsking, men vi kjem oss også der! Og så er vi betre enn alle andre på å kjempa for at folk skal få leva. Og det skal ein ikkje kimsa av.)

Eg har meldt meg til politikken fordi det er ting i tida som skremmer meg. Land glir frå demokrati mot despoti, kulturar glir frå kollektivisme mot hedonisme, den politiske likevekta glir frå sentrum mot høgre, familiar glir frå kjærleik mot einsemd. Men eg har også tru på at det er mykje vi kan gjera for å få verda litt meir i vater, og at det nyttar like mykje her i Skien som alle andre stadar.

Er du med på tanken om at det er mykje som er viktigare enn di eiga lommebok? Er du med på tanken om at alle menneske er like mykje verdt? Vil du ha eit samfunn der vi alle tar ansvar ikkje bare for oss sjølve, men òg for kvarandre, og særleg for dei som treng det mest? Då trur eg faktisk du bør stemma KrF, uavhengig av om du er kristen eller muslim, ateist eller buddhist.

For poenget er at vi er alle i same båt.

Arne Olav Hageberg

Plass 9 på Skien KrF si liste til kommunevalet