MOT: Neste steg vil altså vere å gå frå samhandling til integrasjon mellom helsetenester og arbeidstiltak. Men det vil krevje mot, skriv Svein Kostveit. Foto: Fredrik Nordahl

Nok tiltak, for lite mot

Det er valkamp. Alle partia gjev uttrykk for uro over tala som viser dei mange unge som fell utanfor. Samtidig kappast dei om å foreslå nye tiltak, eller å ta si del av æra for tiltak som virkar.

Men det manglar ikkje tiltak.

Det manglar mot. Mot til å rive ned tette skott mellom arbeid, helse og utdanning. Mot til å sette inn verksame tiltak tidleg. Mot til å jobbe anleis.

Vi har ganske god kunnskap om kva for tiltak som verkar, for kven og når. Vi veit at det er viktig med samtidig innsats med helsetilbod, arbeidstiltak og utdanning. Vi veit at tidleg innsats er viktig, og vi veit at ved tyngre livsstilsutfordringar er langvarig og samanhengande behandling meir verksam enn kortare polikliniske behandling. Vi veit at tverrfagleg innsats er nødvendig for å kunne bøte på samansette utfordringar.

Likevel fortel unge som fell utanfor om ei endelaus vandring frå tiltak til tiltak, frå spesialist til spesialist, der dei etter kvart føler seg meir og meir som eit problem, eller ei samling av problem, som nokon andre har fått i oppdrag å løyse for dei. Dei opplever eit diagnosefokus som fortrenger og deaktiverer ressursane dei har, som dei kan byggje eit vidare liv på, med eller trass i helseplager.

Dette står i kontrast til det som er rådande strategi innanfor helse- og arbeidsfeltet i dag. Sysselsettingsutvalet, utanforskapsmeldinga, perspektivmeldinga ropar alle på samhandling.

Men kvifor er det så stor avstand mellom ord og (sam)handling? Eller; kvifor blir samhandling berre ord?

Det kan ha samanheng med at samhandling eigentleg rett og slett ikkje er nok. Til dømes fordi dei som skal samhandle, slik som Nav og spesialisthelsetenesta, framleis er ulike organisasjonar, med ulike styringssignal, ulik kultur, ulikt språk, ulike forvaltingssystem og vedtaksfullmakter, og ikkje minst; dei blir målt etter ulike resultatindikatorar. Då går det med mykje ressursar til å få alle desse systemiske utfordringane til å fungere saman, og ein vil heller prøve fleire lette tiltak, og håpe det er nok før samhandlande innsats blir nødvendig.

I gjeldande strategi for helse og arbeid, som dei to ansvarlege direktorata står bak, blir uttrykket samvirke brukt, for å understreke at det er behov for meir enn samhandling. Mest sannsynleg er ikkje det heller tilstrekkeleg ordbruk for å få resultat, målt ikkje berre som teljekantar i ulike etatar og organisasjonar, men faktisk for dei som kjenner utfordringa på kroppen.

Det enklaste er å halde fram med dagens siloar og håpe på at enkeltpersonar kan sørge for eit samvirke. Men modigare vil det vere å sikre systemisk samvirke ved å bygge opp hjelpeapparatet slik at individet blir møtt av eit system som handterer eit breitt utval av utfordringar samstundes, der fagfolk kan kaste ball for å hindre at individet vert ein kasteball.

Neste steg vil altså vere å gå frå samhandling til integrasjon mellom helsetenester og arbeidstiltak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det vil krevje mot. Mot hos Nav og ulike helsetenester til å opne seg og la andre fagfelt og andre sektorar få innblikk i korleis dei jobbar. Mot hos politikarane til å gi slepp på detaljstyring og lettformidla teljekantar til fordel for meir heilheitleg innsats tidlegare i forløpet. Mot til å la dei utanfor sette seg i stand til å gjere seg nytte av tiltaka dei treng på vegen til aktivitet, utdanning og arbeid.

Svein Kostveit

direktør, Rehabiliteringssenteret AiR