Utsikt: Ordførerparet vil utvide to boligtomter på Faråsen. Foto: Tore Øyvind Moen

Ordførarparet og huskjøp

Med ordførarparet meiner eg Hedda Foss Five som er ordførar i Skien og sambuaren hennar Sven Tore Løkslid som er varaordførar i det nye fylket Vestfold og Telemark.

Med huskjøp meiner eg huset dei nyss kjøpte i Faråsen i Skien til den stive pris av 10 mill. kr. Med på kjøpet fylgde to små tomter kvar på mellom 0,5 og 1,0 da. Tomtene har ein eigedom eigd av fylkeskommunen som sin nærmaste nabo. Så små tomter vil auke i verdi med fleire hundre tusen kroner dersom dei får auka arealet sitt med 0,5 da.

Les også
Ordførerparet vil selge utsiktstomter. Det skaper trøbbel i fylkeskommunen

Den tidlegare eigaren, som ordførarparet kjøpte huset av, skjøna dette og søkte fylkeskommunen om å få kjøpe eit tilleggsareal. Det vart blankt avslag. Eit avslag som må gje sterke føringar på den vidare saksgangen. I Vestfold og Telemark skal det vel ikkje vere forskjell på Låke og på Tor?

Nå vil ordførarparet finansiere ein vesentleg deil av huskjøpet sitt ved sal av dei to tomtene og søker om det same som den tidlegare eigaren fekk avslag på.

Eg ser på dette som eit klart misbruk av eit offentleg tillitsverv for å skaffe seg eit gode som vanlege folk ikkje har fått. Sven Tore Løkslid gjer klokt i å trekke søknaden sin. Han kan ikkje delfinansiere huskjøpet sitt ved å misbruke vervet som fylkesvaraordførar. Hedda Foss Five og Sven Tore Løkslid syner her at dei er dårlege politikerar som set seg sjølv og sine personlege interesser i høgsete.

Spesiellt ille er dette for Hedda Foss Five som nok ein gong har synt at ho er ein deil av ein politisk ukultur. Hedda Foss Five kastar ikkje lenger glans over byen sin og det er nå best for Skien by at ho overlet ordførarklubba for godt til Trond Ballestad som har synt seg å vere ein samlande og god politikar.

Dag Lauvstad