Pasientreiser og pasientane

«Vi ønsker ikke å lure pasientene for penger» skriver Hilde Holt i Pasientreiser, i et innlegg i Varden 13. mai adressert til meg. Nei, det trur eg ikkje, det bare ser slik ut.

Eg har lyst til å stille et motspørsmål: Trur Pasientreiser at pasientane prøver å lure staten for pengar med falske krav? Eg er 88 år og gruar meg kvar gong eg må søke Pasientreiser om refusjon av reiseutgifter. Utgifter eg etter norsk lov har soleklar krav på. Da burde det ikkje vera nødvendig å søke. Det blir som om dei som arbeidar i Pasientreiser måtte søke om å få utbetala egen lønn.

Eg er klar over at Pasientreiser følger lover og forskrifter i arbeidet sitt. Men burde det ikkje vera tid for å forandre regelverket? Det skremmer meg at eit brukarutvalg på 13 (uheldig tal) ikkje har sett dette for lenge siden. Andre etater prøver å fornye seg og følge med tida, også statlege. Pasientreiser står att som byråkratiske museumsvakter.

I ein rettsal må påtalemyndigheta bevise tiltaltes skuld. Når det gjeld reiserekningar er det motsett. Pasienten må bevise at han har krav på refusjon.

Eg har ein idé. Kvar gong ein pasient er ferdig på eit legekontor, eller blir utskriven frå eit sjukehus blir det registrert. Denne registreringa kunne automatisk overføres til Pasientreiser, saman med årsaken til besøket. Her kunne det og opplysast om kva slags reisemåte pasienten hadde brukt. Frå dette kunne Pasientreiser sila ut dei som er verdige til refusjon.

Sist invitera Hilde Holt meg til eit møte med både Pasientreiser og brukarutvalget. Dette setter eg stor pris på, og seier ja takk til begge delar. Bare bestem tid og stad så stiller eg opp. Eg gler meg!

STILLER: Sveinung T. Børte tek imot invitasjonen og stiller oppi møte med Pasientreiser og brukarutvalget, skriv han i dette innlegget, der han spør om Pasientreiser trur at pasientane prøver å lure til seg pengar dei ikkje har krav på. Foto: Fredrik Nordahl