Pass og politimester

I Varden 10. februar bruker politimester Sæverud som eit argument for at han ikkje kan ha passkontor i Vinje at Noreg har bunde seg til internasjonal avtale. Det er jo kjedeleg å høyre at Noreg har gjort ei avtale med andre land om ikkje å ha passkontor i Vinje.

Men eg har eit spørsmål til politimesteren: Den 6. mai 2019 skreiv justisminister Kallmyr til stortingsrepresentant Hoksrud at det var greit for han at det blei pass i Vinje. Meiner politimesteren at justisministeren ikkje veit at Noreg har gjort ei internasjonal avtale som seier at ein ikkje kan ha pass i Vinje? Har ikkje justisdepartementet kontroll på kva internasjonale avtaler Noreg har gjort? Eller er det gjort ei ny internasjonal avtale etter at Sæverud blei politimester? Eller er det berre konstruksjon av argumentasjon?

KONSTRUERER: Driv politimester Ole Bredrup Sæverud med konstruksjon av argumentasjon, spør ordføraren i Vinje. Foto: NTB Scanpix