– Problemet er egoistiske bilistar i store og flotte personbilar, helst frå Oslo og Austlandet, som tek seg tilrette, snik i køen og er trafikkfarlege

Trafikkavviklinga på Haukelifjell er upåklageleg!

Mykje av det som har kome fram i media og frå enkelte skeptikarar når det gjeld lange ventetider og tilrådde lange omkøyringsvegar i samband med tunnelarbeida i Vågslitunnellen og Dyrskartunnellen, er etter mi meining uberettiga.

Les også
Villreinen treng ro og stor plass

Det same gjeld spekulasjonar om at dette er ein bevisst agenda for å framsnakke riksveg 7 over Hardangervidda framfor E 134. (Riksveg 7 burde eigentleg vore stengt vinterstid både av omsyn til villreinen og det ressurskrevjande vintervedlikehaldet).

Har testa sjølv

I samband med fjellturar på Haukelifjell, har eg ved fleire høve «testa» korleis trafikkforholda blir takla ved begge tunnellane. Tungtransporten køyrer kolonne gjennom Vågslitunnellen medan personbilar køyrer i kolonne på gamlevegen over Kreklingdyrskar, i begge tilfelle med følgebilar. Ventetida er ikkje lenger enn maksimalt tida det tek å køyre strekningane ei retning. Derimot er eit av problema tidvis skodelystne bilturistar som stoppar på gamlevegen og hindrar kolonnene.

Les også
Da stien til Gaustatoppen skulle åpnes i ny drakt var det en nepalsk professor som stjal showet

Ved Dyrskartunnellen er ventetida naturleg nok noko lengre, men også her maksimalt tida som trengs for å køyre gamlevegen over Dyrskar, der alle typer køyretøy blir sendt over i kolonne med følgebil. Her er alle veglommer stengt for å hindre at personbilar stoppar og skaper ulemper for trafikkavviklinga.

Nattestengd

Mitt inntrykk og erfaring er at mannskapa gjer jobben med flyt i trafikkavviklinga på ein tilfredsstillande måte så godt dei kan, situasjonen tatt i betraktning. Krisemaksimeringa med ventetider på fleire timar og informasjon om svært lange omkøyringsvegar verkar urimeleg. Moglegvis har det å gjere med at vegen er stengt nokre timar nattestid, noko det er informert om. Da er det dessutan oppretta oppstillings- og venteplass for tunge køyretøy i Vågslid.

Les også
«Disse over gjennomsnittet fartsglade ungdommer har holdt på altfor lenge»

Derimot er problemet som ofte elles i trafikken egoistiske bilistar med påstått dårleg tid og i store og flotte personbilar, helst frå Oslo og Austlandet, som tek seg tilrette, snik i køen, øydelegg for andre, er trafikkfarleg og er ei utfordring for mannskapa.

Jon Ingebretsen