KOSTNAD: Tenk deg at Drangedal skulle bli frikjent og at jenta skulle bli sitans att med sakskostnaden, skriv Halvor Lognvik. På biletet: Cecilie Haugen og prosessfullmektig Renate Lia. Foto: Fredrik Pedersen

Ruin om dei taper

«Taxi-dommen» og «Drangedal-dommen» er to ukompliserte saker etter mine vurderingar.

Taxidommen eit spørsmål om kven som er vanskelege i samarbeidet - den eine sjåføren, eller dei som styrer taxisentralen? Drangedalsdommen: Har jenta blitt mobba eller ikkje? Har kommunen gjort noko?

Fakta i sakene bør ikkje vera det store problemet å få avklart? Her er det i tillegg heilt vanlege menneske som har kome i konflikt og skal ha rettens hjelp til å få ting på plass, og hott møter dei?

Rein ruin om, dei taper. Er dette ein rettsstat verdig?

Etter å ha opplevd rettsvesenet i Norge i fri dressur og deretter interessert meg for rettsvesenets forvaltning av sin viktige samfunnsfunksjon, sit eg att med eit inntrykk av at «her må me gjera rettsbehandling så dyrt for folk at ingen vågar å prøve».

Rettsvesenet aksepterer hinsides timeprisar frå advokatkollegene. Så har eg opplevd at advokatar med den høgste timeprisen, ikkje på nokon måte, blir den dyraste. Retten fungerer slik at advokatar kan stort sett føre opp så mange timar dei føler for, i alle fall dersom det går ut over ein eller annan som ikkje bare nikkar og aksepterer at makta rår.

Eg lurar dermed alltid på, var det sivile meddommere i saka? At dommer vil tilføre kollegene astronomiske honorar kan ein vel kanskje forstå? Men at meddommere aksepterer honorar hinsides all fornuft burde tilsei at meddommere må kurses og sertifiseres gjennom prøvedømmingsordning. Ola og Kari er ikkje tente med at meddommere kun framstår som nikkedokker.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Drangedalsdommen ser det ut som at dommernes kolleger reiser med større summar enn ho som er blitt mobba. Tenk deg at Drangedal skulle bli frikjent og at jenta skulle bli sitans att med sakskostnaden.

Advokatstanden i Norge har sørga for at dommernes funksjon i retten er å sitte å lytte til eviglange tirader fra partsadvokatane som leksar opp det samme dei alt har skrive . Dommerne sit stort sett som saltstøtter og lyttar i timesvis til det samme dei allerede har lest. Tenk deg hoss engasjerande dette er og tenk deg tidsbruken.

For advokatstanden har gjort det slik at alle pratar sin agenda og så lenge dei lystar. I tillegg legg dei fram enorme mengder uinteressante dokumenter fra andre tidlegare saker uten å behøve å rettferdiggjera dette på nokon måte . Og så har du partsforklaringar og vitneforklaringar.

Desse siste er ikkje sendt skriftleg på forhånd, er bare tilgjengelege der og då. Stortinget har vedtatt lydopptak i retten, men dette blir sabotert av retten.

Dommerne tek bevisst ikkje del i nokon ting, bare lyttar. Dommerne prøvar på ingen måte å konkretisere fakta og konfrontere partar og vitner med meir og mindre løgnaktige påstandar. Det er bare å lyge i veg, du treng aldri vera redd for at ein dommar konfronterer deg med slikt, for om fakta blei klart definert, ville svært ofte dommen sei seg sjav og slikt blir det ikkje anker og nye store honorar av.

Halvor Lognvik

Artikkelen fortsetter under annonsen.