Seljord kommune sin koronakommunikasjon

I eit lesarinnlegg har det kome kritikk av Seljord kommune sin korona-kommunikasjon, fordi det ved fleire høve er presisert at det ikkje er registrerte tilfelle av koronasmitte i Seljord kommune, sjølv om det i statistikkar står registrert 1 tilfelle. Som skildra i innlegget er dette knytt til ein innbyggjar som bur og arbeider ein annan stad i landet.

Korrekt og tydeleg informasjon er avgjerande for å trygge innbyggjarane og oppretthalde tilliten som er nødvendig for at innbyggjarane skal følge dei tiltak og smittevernreglar som vert innført. Kvar gong det vert nytta tal som seier at det har vore registrert smitte i Seljord så dukkar det raskt opp bekymring og spørsmål ute hos folk: Stemmer ikkje informasjonen me får frå kommunen? Er her smitte som kommunen ikkje har informert om? Tillit tek tid å bygge opp, men kan rivast ned svært raskt.

Eg les at vedkomande som var smitta er sjukepleiar og vart smitta på arbeid. Eg får ikkje personsensitiv informasjon om innbyggjarar som vert smitta av covid-19. Skulle vi få smittetilfelle i kommunen får eg varsling om antal positive testar og status på smittesporingsarbeidet. Eg vil òg få informasjon om nokon er knytt til vår kommunale verksemd som gjer at vi må stenge ned, sette tilsette og brukarar i karantene og liknande. Eg får informasjonen som trengs for å handtere situasjonen, utan å bryte personvernet.

Eg er svært glad for at det går bra med sjukepleiaren som vart smitta. Det har ikkje vore mi meining å bidra til ei tilleggsbelastning for vedkomande, og det beklagar eg. Samtidig må eg som ordførar kommunisere presist ut til innbyggjarane mine.

Vi kan alle oppleve å bli smitta, uansett kor godt ein følgjer smittevernregimet. Det kan skje på sjukeheimen eller i heimetenesta, like fort som det kan skje på butikken, på bussen eller hos naboen. Mange får ikkje symptom og veit ikkje at dei har vore smitta.

Som ordførar er det viktig for meg både å informere og å motivere folk til å halde ut. Det er eit felles mål for oss alle å halde samfunnet vårt mest mogeleg smittefritt. Det er den felles dugnaden vi har stått i det siste halve året, og som vi må stå i endå litt til. Vi gjer vårt beste for at skular og barnehagar skal kunne vere opne, at bedriftene skal gje folk arbeid og varene dei treng og at vi ikkje får smitte inn på sjukeheimane våre.

Avslutningsvis vil eg gjenta det eg skreiv på Facebook-profilen min 15. august: «Ingen skal måtte skamme seg verken for å reise eller å ha blitt smitta av covid-19. Viruset smittar svært lett. Du kan vere uheldig å bli smitta uansett kor flink du er med smittevern. Har du den minste mistanke om at du er smitta må du teste deg snarast råd.»