Spørsmål til ordføraren i Seljord

Som innbyggar i Seljord har eg merka meg ein del ting som eg ynskjer at ordføraren tek opp med sine politikarar og administrasjonen i kommunen. Har i denne omgang berre teke opp nokre av dei ting som eg ser som viktig.

Leidning til det nye vassverket: Sumaren 2019 var eg på underhaldning på Bjørgesanden. Da eg gjekk over Vallarbrua, merka eg meg ein leidning , oppstrøms broi som låg og flaut i vass-skorpa. Eg syntest dette var rart og tenkte kva skjer om leidningen ryk? Nok om det, men like over nyttår 2020 såg eg at leidningen fortsatt låg og plaska. Her har kommunen sove , når dette endå ikkje er ordna opp i. Kva skjer dersom leidningen ryk anten nå i vinter eller når vårflaumen kjem? Eg kjenner til at det er usemje mellom entreprenør og kommunen om dette og at ansvaret ikkje er avklara. For meg synest det vera rart at kommunen ikkje fullfører dette arbeidet sjølv og så kan oppgjeret ordnast opp når ansvaret er avklara. Dette er ein pumpeleidning som gjeng til det nye vassverket. Ryk denne leidningen så vert innbyggeran i Seljord utan vatn.

Kontakt med kommunen: Når ein ringer sentralbordet så får ein melding om at samtaler må skje mellom klokka 09.00 og 14.00. Eg synest dette er ein dårleg service. Tidleg på sumaren 2019 prata eg med forrige ordførar om endringa av den tida ein får svar når ein ringer til sentralbordet. Han lova å taka dette opp, men førebels er det ingen endring. Det kan vera ting som skjer utanom desse tider, strøing, brøyting lekkasje på vass-leidning m.m. Sentralbordet bør kunne svara i den tida dei er i arbeid.

Kloakk-løysing for industriområdet på Århus: Etter spørsmål til teknisk etat tidleg hausten 2019 fekk eg opplyst at det skulle ordnast opp med kloakken føre årskiftet. Så langt eg kjenner til har det ikkje skjedd noko arbeid førebels og då lurar eg på, kva for alternativ er vurdert og kostnadsrekna? Kva for løysing har kommunen valt? Kva er kostnaden for dette? Føreligg det utsleppsløyve til elva?

Seljord kommunes omdøme: Gjennom mange år var Seljord kommune ein kommune i vekst og kommunen hadde eit svært godt omdømme og det skjedde mykje positivt. Kommunen var kjent for god service og raske svar på spørsmål som vart tatt opp og kommunen var ein medhjelpar og ikkje ein bremsekloss for å stake ut rett veg for å løyse ulike saker. Kommunen var til for det beste for bygda og utviklinga. Dette gode omdømme og den gode service ser nå ut til å vera borte. Me høyrer dessverre altfor ofte at innbyggarar og andre som vil ha kontakt med kommunen blir møtt med svært negative haldningar og får lite råd og hjelp. Det er nesten uråd å få til avtaler med kommunen og det er like vanskeleg å få svar.

Summen av dette blir eit svært negativt omdømme og det treng vi ikkje i Seljord i desse dagar. Negativ omtale og omdøme skremer folk vekk frå bygda og det er i alle fall ikkje nokon som vil flytte hit om det fortsett slik. Seljord må tilbake på det gamle sporet og bli ein ja-kommune der kommunen yter service for sine innbyggarar og verksemder og ikkje er bremseklossar. Hugs at politikarar og administrasjonen er til for Seljords befolkning og at alle må vera positive og imøtekomande til dei som vil ha ein prat om ulike saker, og til dei som eventuelt vil etablere seg/flytte til Seljord. Kva vil ordføraren gjera for å betre på dette tilhøve slik at Seljord på nytt kan blir ein ja-kommune? Det er nok nødvendig å sjå både til det politiske og ikkje minst det administrative i kommunen.

Eg vonar at ordføraren svarar skriftleg på desse tinga i avisene slik at alle får ta del i dette.

EIN JA-KOMMUNE: Seljord må vera ein ja-kommune folk vil kome til. Artikkelforfattaren synest ikkje alt er på stell i kommunen no, og stiller spørsmål til ordføraren. ARKIVFOTO