Spørsmåla til ordføraren i Seljord

Eg takkar ordføraren for svar på spørsmåla eg stilte for litt sidan, men eg savnar ei betre detaljering på nokre punkt og eg har nokre merknader.

Ledning til det nye vassverket: Eg synest at at ledningen burde vorte utbetra midtsumars, når det ikkje var gytetid på gang. Vi får håpe at ledningen ikkje ryk i mellomtida. Telefon til kommunehuset: Eg synest det tok lang tid før kommunen kunne rette opp dette med telefon.

Kloakk- løysing for industriområdet på Århus: Her stussar eg over svaret til ordføraren og eg ynskjer ei forklaring på: 1. Ordføraren skriv at utsleppsløyve vil koma når anlegget er ferdig prosjektert, og då lurar eg på korleis ein kan inngå kontrakt på eit reinseanlegg når ein ikkje kjenner krava i utsleppsløyvet, og når det ikkje er prosjektert.

2. Ordføraren skriv at det er inngjenge kontrakt med Telemark Tecnologies AS for eit minirenseanlegg, og då ynskjer eg svar på om dette anlegget er kjøpt inn etter lov om offentlege anskaffelsar. Eg kan ikkje sjå at anlegget har vore ute på tilbod.

3. Ordføraren skriv at det er vurdert ulike løysingar, men ettersom det allereie er kjøpt inn eit reinseanlegg er mykje låst fast. Er det vurdert å legge ledning frå Seljord til Århus for både vatn og kloakk, og då i samband med bygging av GS-veg langs E-134? Er dei årlege driftskostnader for dei ulike alternativa teke med i bereikningane?

4. Er det godkjent vassverk for Århus som dekker krava til mattilsynet? 5. Det er opplyst at nytt opplegg for vatn og kloakk er kostnadsbereikna til 4 millionar, kor mykje kostar då reinseanlegget?Det virkar lågt om det skal dekke vassverk, reinseanlegg og ledningsnett.

Seljord kommunes omdøme: Det er bra at ordføraren er fornøgd med eigne etater og at ordføraren meinar at kommunen tek godt i mot innbyggerar og nye som ynskjer å flytte hit. Men eg trur ikkje at innbyggerane er like nøgde. Kommunen må gange ut til innbyggerar, bedrifter og næringslivet i Seljord for å teste ut kor nøgde dei er med kommunen og servicen, då eg er viss på at ordføraren ville få ei anna oppleving.

Eg skal ikkje trekke fram mange eksempel, men eg må nesten minne om korleis administrasjonen handtera saka med utfylling av tomta til Telemark bilruter. Denne saka syner til fulle at det ikkje er smidighet i organisasjonen for å finne gode løysingar. Heldigvis tok politikerane grep og fekk ein utgang på saka, men det blir riper i lakken av dette. Sweco har opplyst at fleire nytilsette i Seljord vel å etablere seg i Bø i staden for i Seljord – dette er ikkje bra. Kommunen må lytte til folket og rette seg etter dei signal som kjem fram, fyrst då kan ein sette inn grep for å bli betre.

Eg ber om svar frå ordføraren i telemarksavisene.