Syrbekk-tragedien i 1945

Før og under 75-års minnemarkeringa for motstandsmennene Leif Tronstad og Gunnar Syverstad, som blei drepne på Syrbekk 11. mars 1945, har Inger C. Stridsklev gjennom lesarinnlegg i Varden gjeve sin versjon av kva som hendte på Syrbekk basert på Lognvik-brørne sine vitneprov. For etterkomarar av Tronstad og Syverstad må det vera leit å lesa desse ubalanserte epistlane i samband med 75-års minnemarkeringa.

I eit fyldig lesarinnlegg i Varden 6. mars 2020 gjer eg greie for kva som hendte på Syrbekk for 75 år sidan, basert på rettspapira og åstadsgranskingar frå 1947. Inger C. Stridsklev skriv i sitt tilsvar i Varden 11. mars 2020 at nazilensmann Torgeir Lognvik aldri vedkjende seg anklagen om angjevari. Ho visar til FAMA-rapportar frå avlytting av det tyske Sicherheitspolizei i Larvik, og konkluderar etter mitt syn feilaktig med at nazilensmannen tok vel vare på sine sambygdingar på Rauland.

De facto var Torgeir Lognvik nazilensmann på Rauland under krigen, og var dermed den tyske okkupasjonsmaktas representant på Rauland og Møsstrond. At nazilensmann Lognvik også var angjevar og gav okkupasjonsmakta rapportar om bl.a. flyslepp til Heimefronten på Rauland, blei avdekka gjennom avlytting av telefonlina myljom nazilensmannen og «Vertrauensmann» Kåre Kvevik ved Wehrmacht Ortskommandantur Rjukan. Denne lina blei avlytta av Einar Skinnarland og finst difor ikkje i FAMA sitt arkiv. Dessutan brente Sicherheitspolizei Aussendienststelle Larvik og underkontoret i Skien, i likskap med NS, mykji av sitt papirarkiv i mai 1945. På det viset fjerna dei mange spor som kunne seta dei i samband med det totalitære regimet dei hadde bygd opp under 2. verdskrig. Eit samfunn bygd opp med terror og tortur som verkemiddel, for å innføre nazismen i alle ledd.

Eg kan dokumentere at nazilensmannen, i samråd med naziordføraren på Rauland, sette opp «Gidselliste». Dei utvalde var Odd Godal (sokneprest), Halvor H. Nystog, Dyre Vaa, Aslak K. Svalastog, Jon Landsverk, Sveinung Landsverk, Halvor O. Bakken, Olav O. Bakken Bitustøyl, Halvor Svendsen, fru Sigrun Berg Wendelbo og Bjørn Gardsjord.

Nazilensmannen organiserte i mars 1945 razzia etter gode nordmenn eller «bandittene», som han kalla dei, på Rauland/Møsstrond, i samarbeid med nazipolitimester Lunnan, Notodden, gestapistene Schulz og Pirchmoser frå Sipo, Larvik, Hirdens Alarm Enhet (stomperuder) frå Kviteseid og 3. Kompani SS Schijeger-Battaillon 506 frå Ortkommandantur Skoland, Notodden. I tillegg samarbeidde Lognvik tett med nazilensmennene Wilhelmsen i Bø, Gjuvland på Dalen og Kasin i Vinje.

Allereie 15. mars 1945 skreiv, underteikna og sendte nazilensmann Lognvik «Melding til Polititidende» med etterlysing av motstandsmennene Jon og Sveinung Landsverk, samt Halvor O. Skeie og Eivind O. Skeie. Same dag sendte nazilensmannen brev til tyske Sicherheitspolizei i Larvik, med namn og adresser til systra av Jon og Sveinung Landsverk, samt Einar Skinnarland sine brødre Knut H. og Olav Skinnarland.

Den 31. mars 1945 skreiv nazilensmann Lognvik brev til nazipolitimeister Lunnan på Notodden, der han gjev opp namn, fødselsdata, yrke og adresse på 24 motstandsfolk på Rauland som har rømt til fjells etter hendinga på Syrbekk.

At nazilensmannen under tragedien på Syrbekk i mars 1945 slo major Leif Tronstad i hovudet med ein US Carabin, - så hardt at børsekolben sprakk i pistolskjeftet, førde med seg at Torgeir Lognvik blei dømd til 5 års fengsel etter krigen for medverknad til drap. Broren, Johans, fekk 10 år for drap på Tronstad og Syverstad og 10 års sikring.

Både Leif Tronstad og Gunnar Syverstad hadde små barn som måtte vekse opp utan ein far etter krigen. Tragedien på Syrbekk for 75 år sidan kan i dag lære oss mykji i ein verdidebatt om respekt, ansvar og empati.

MARKERING: Frå 75-årsmarkeringa av tragedien på Syrbekk tidlegare i mars. Foto: Halvor Ulvenes