FÆRRE Å DELE POTTEN PÅ: Det ein ser er, at den einaste måten ein kan få inntekta til å vekse på er å bli større, jobbe fleire timar, taka seg jobb utanfor bruket og håpe at fleire sluttar fordi då blir det færre å dele potten på, skriv Sverre Bakke. Foto: NTB scanpix

Tallmaterialet i jordbruksoppgjeret

Det er svært mange bøndar rundt om i Norges land som gjennom år ikkje har forstått eller meir rett, sett på botnlinje si at inntektene har auka etter eit jordbruksoppgjer.

Det ein ser er, at den einaste måten ein kan få inntekta til å vekse på er å bli større, jobbe fleire timar, taka seg jobb utanfor bruket og håpe at fleire sluttar fordi då blir det færre å dele potten på.

Det er som å konkurrere med ei tredemølle – du slår den aldri. Heldigvis blir det nå sett ord og fokus på dette. Ja, jordbruket er ei politisk næring, men vi må snakke om økonomi i denne næringa på lik linje med andre næringar.

Eg vil tekkje fram nokon eksempel på at vi ikkje gjer dette: Kostnader til leigejord er ikkje med på kostnadssida. Leige av mjølkekvote er ikkje med på kostnadsida. Krav til forrenting av eigenkapitalen er ikkje med på kostnadsida. Jordbruksfrådraget vert rekna som inntekt- er det nokon som ser at LO reknar minstefrådraget ( kr 106.750 ) som inntekt for deira medlemmer.

I den andre enden ser vi at kostnadene har auka svært mykje. Eit eksempel er at dersom ein bonde måtte ha seg ei ny slåmaskin, så kosta denne i 2012 kr 140.000. Den same maskina kostar i dag kr 267.000.

Ein bonde som driv med storfe tener i dag kr 163.000 per årsverk (1.750 timar) kr 93,14 per time. Minstesatsen for innleige av arbeidskraft er kr 123,- per time. Resultatet er at vedkomande må ha mest mogeleg antall dyr og hauste mest mogleg antall da. Dette gjev tilskot dyr og tilskot areal. Det gjev press på dyrehelse og agronomi.

Resultatet er at vi frå 1999 til 2019 har gått frå 78.740 jordbrukseiningar til 38.938 einingar. I mjølkeproduksjonen som har vore ryggrada i norsk jordbruk og busetnad har ein i same perioden går frå 21.000 mjølkebruk til 7.000 mjølkebruk. Dei har i denne perioden produsert same kvantum mjølk , om lag 1.500 mill. liter.

I tillegg til dette så tingar bøndane ikkje om inntektene sine i 2021, nei dei tingar om inntektene sine i 2022. Det er sikker mange tekniske grunnar til dette , men då ligg du eitt år etter alle andre.

Vi har og ein diskusjon gåande om mjølkekvoter. I dag kan du eige mjølkekvoter som foreldra di fekk på 90-talet, leige den bort for kr 5 og oppover. Dette er rein netto for dei som gjer det. Det vil seia at ein mjølkebonde utan dyr tener meir enn ein med dyr! Dette burde sjølvsagt ikkje gå!

Litt av feilen ein gjer i jordbruksoppgjera er at ein i staden for å rydde opp i ordningar lagar fleire kompliserte byråkratiske ordningar. Eit eksempel er i Bondelagets framlegg til endringar i kvoteordninga for mjølk. Her er mykje bra , men ein vil framleis tillate ein som har kvote, men ikkje dyr, å leige inn meir kvote. Dette grunngjev ein med at dersom du har ei kvote og skal bygge deg nytt fjøs, så må du kanskje auke produksjonen for å få tilskot i Innovasjon Norge. Dersom du i denne perioden sit på ei kvote og får leige inn meir, så kan du i ein periode, til du er oppe i produksjon, leige ut denne kvota til andre i mellomtida.

Feilen i resonnementet er at då bør Innovasjon Norge endre sin praksis. Dei bør ikkje krevje auke i produksjonen på det tidspunktet du søkjer , men vurdere heile driftsopplegget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne ordninga fører til at ein som har kvote utan dyr og leiger den bort kan kjøpe kvote av andre som sluttar og leige den bort med forteneste.

Mykje av reglane i jordbruksoppgjeret er tufta på slike feilkoplingar og bør skrotast. Det er difor eit fornuftig krav at reglar og talmateriale som blir bruka i jordbrukstingingane vert gjennomgått, men då helst utan ei ny Listhaug i Landbruksdepartementet.

Sverre Bakke

Rådgjevar i SB Konsulent AS

FÆRRE Å DELE POTTEN PÅ: Det ein ser er, at den einaste måten ein kan få inntekta til å vekse på er å bli større, jobbe fleire timar, taka seg jobb utanfor bruket og håpe at fleire sluttar fordi då blir det færre å dele potten på, skriv Sverre Bakke. Foto: Terje Bendiksby/NTB