SPILT MJØLK: Tilbodet, uansett forhandlingsrom, var ein strategisk bommert som statsråden bør ta på si kappe, framfor å gråte over jordbrukspolitisk spilt mjølk, skriv Sondre Aasan. Foto: Terje Pedersen/NTB

«Tilbodet var ein strategisk bommert som statsråden bør ta på si kappe, framfor å gråte over jordbrukspolitisk spilt mjølk»

Landbruksminister Bollestad seier ho er trist og skuffa over at bøndene ikkje ville gå til forhandlingsbordet i årets jordbruksforhandlingar. Men det var ministeren sjølv, med sitt tilbod, som satte faglaga i sjakk matt.

I eit normalår, med den sedvanlege regien på jordbruksoppgjeret, ville kanskje eit faglag i det minste gått til forhandlingsbordet og kanskje skrive under på ei avtale. Men med trykket frå grasrota, som bondeopprøret har vore med på å utløyse, var tilbodet fullstendig skivebom. Under det rådande klimaet hadde det vore klokt av staten å legge meir av handlingsrommet sitt direkte i tilbodet. Det gjorde ikkje statens forhandlingsutval og då blir det hjelpesløst å vise til at forhandlingsgevinsten var potensielt stor i år.

Tilbodet, uansett forhandlingsrom, var ein strategisk bommert som statsråden bør ta på si kappe, framfor å gråte over jordbrukspolitisk spilt mjølk.

Tilbodet ser ut til å ha vorte utforma i eit vakuum, bak stengde dører, der ropa frå ei sala jordbruksnæring ikkje har nådd inn. Frå regjeringskontora har ein kanskje sett på bondeopprøret som eit isolert fenomen, som ikkje har noko med jordbruksforhandlingane å gjere. I så fall har du tatt feil, Bollestad. Bondeopprøret er ein jordbrukspolitisk boomerang frå grasrota, som slår tilbake med voldsom kraft etter åtte år med forfeila, og ideologisk blind FrP-politikk på jordbruksfeltet.

I 2014 tok landbruksminister Listhaug på seg rolla som ein Robin Hood i bakvendtland, ho tok frå dei små bruka, gav til dei store, og ba dei store gje gass. Landbruket har forsøkt å tilpasse seg denne ideologien etter beste evne, men resultatet har blitt smalhans for både liten og stor, og ein tyngande gjeldsbyrde etter store investeringar for mange. Stordriftsulempene ute på jordet, har ete opp stordriftsfordelane inne i fjøset.

Vi forventa at den jordbrukspolitiske oppryddingsaksjonen skulle starte i år, og at vi også skulle få ei monaleg tetting av inntektsgapet. Tilbodet innebar kun kosmetiske justeringar både når det gjeld retning og fart i jordbrukspolitikken, då er det like greitt å sei nei takk, vi prøvar igjen i 2022.

Sondre Aasan

Fylkesleiar Telemark Bonde- og Småbrukarlag