Tome hytter – med ljoset på

Uteljoset lyser rundt om på folketome hytter. Kvifor sløkte ein ikkje all den energisløsinga når ein var der sist, da ein likevel ikkje skal vera på hytta på lange og ubestemte tider? Ingen treng ljos der nå.

Det treng vel ikkje vera som i byen og tettstadene at ljos og ljosreklame står på døgnet rundt, og der det fortsatt er nokre folk som er ute og luftar seg. På bygda har ein dessutan den vakre stjernehimmelen å sjå til, og av og til fullmånen.

I hyttekommunane har lege- og helsestellet nok med å sikre sine eigne menneske mot smitte og yte nødvendig helsehjelp, om ein ikkje på toppen av det også må vera i beredskap for folk frå andre kommunar. Dette må sjølvsagt hyttefolket respektere, ved eventuelt å nytte desse tenestene der skattepengane deira renn inn.

Ein sparer mykje arbeid ved at hyttevegane ikkje treng brøytast eller vedlikehaldast, og at skiløyper og alpinbakkar ikkje treng å bli preparerte. Minussida er sjølvsagt at det ikkje blir arbeid og pengar til dei som til vanleg utfører denne jobben. I tillegg mistar ein hyttefolket som gode kundar i nærbutikken.

Men forresten, kva skal ein eigentleg med oppkøyrde skiløyper nå med det fantastiske skiføret og snøforholda ein har utanom preparerte løyper. For det er lov til å ta seg ein skitur i nærområdet, om ein ikkje er smitta eller i karantene.

I påskefjellet og ved kysten blir det truleg stille og fredeleg i år, med naturens eigne vårlege vakre lydar, i staden for skrik og skrål, beinbrot og andre skader. Men god og trygg tur i nærområdet på ski eller til fots.