HUGSAR SITATET: Me håpar Arbeiderpartiet hugsar sitatet frå sin tidlegare partileiar og seier nei til å leggje ned Nye Veier AS, og ja til dei nye løysingane som skaper det gode velferdssamfunnet, skriv Høgre-representantane. Foto: NTB scanpix

Veljerane fortener svar på om Arbeiderpartiet skal leggje ned Nye Veier AS

Leinga i Arbeiderpartiet foreslår å legge ned Nye Veier AS. Det ville vere ei katastrofe for norsk samferdselspolitikk.

Seinast på den store E134-konferansen på Notodden i fjor haust kunne samferdselpolitisk talsmann for Arbeiderpartiet Sverre Myrli ikkje gje eit svar på kva dei meinte om framtida til vegselskapet. Nå kan ikkje Arbeiderpartiet vingle lenger ,dei må gje eit klart og tydelig svar på kva dei meiner.

For fakta er at etableringa av Nye Veier AS har vore ein suksess med 59 milliardar i redusera kostander og meir veg for pengane. Med føreseielege økonomiske rammer planlegg og bygger selskapet veg effektiv og rimelog , og blir ofte ferdig med prosjekt før tida. Det viser nytenking og innovasjon ,med sunn konkurranse til det beste for fellesskapet.

For denne regjeringa ha samferdsel vore eit prioritera satsingsområde , og samferdselsbudsjetta er nær dobla sidan 2013, og denne utviklinga kan fortsetja med Erna Solberg som statsminister. Ein god samferdselspolitikk er eitt av dei viktigaste bidraga til auka verdiskaping, ikkje minst i distrikta der ein vesentlig del av verdiskapinga skjer.

Lokalt næringsliv og hjørnesteinsbedrifter er avhengig av god kommunikasjon, derfor må me fortsette å knytte landet saman og bygge sterke regionar i heile landet. Markedet er ein elendig herre ,men ein god tenar sa Jens Stoltenberg. Det har Arbeiderpartiet gløymt. Markedet skal ikkje styre velferdstenestene våre ,men sunn konkurranse bidreg til auka innovasjon og eit betre tilbod til innbyggarane.

Me håpar Arbeiderpartiet hugsar sitatet frå sin tidlegare partileiar og seier nei til å leggje ned Nye Veier AS, og ja til dei nye løysingane som skaper det gode velferdssamfunnet.

Solveig Sundbø Abrahamsen, stortingsrepresentant, Telemark Høgre

Mahmoud Farahmand, stortingskandidat, Telemark Høgre