Ønsker regjeringa å framstå som berekraftig og grøn, slik dei talar om både på innpust og utpust, så legg vekk tankane om å gå laus på verna vassdrag, skriv Torfinn Sanden. Illustrasjonsbiletet viser Omnesfossen. Foto: Knut Heggenes

Verna vassdrag

Utbygging av verna vassdrag er ein elendig løysing for å redde klimaet og naturen.

Vassdrag er livsnerva i naturen, og intakt vassdragsnatur er særs verdfull for artsmangfald, og for utfordringane med flaum, tørke og klimaendringar. Den naturgjette rytmen i eit vassdrag er avgjerande. Høge straumprisar gjev nærast panikkarta forslag frå energipolitikarar. Dei meiner det er naturleg å diskutere verna vassdrag når ein energikommisjon skal sjå på korleis Norge kan produsere meir straum. Dette reagerar Naturvernforbundet sterkt på dette.

Dei 389 varig verna vassdraga, vart verna av gode grunnar - valgt ut pga sine store naturverdiar – det låg ein lang prosess bak vernet av juvelane i norsk natur.

Norge har stort potensiale for å «hente ut» kraft ved å satse på energiøkonomisering, energieffektivisering, og ja, også energisparing. På desse områda må fokuset settast. Gjer vi det, vil dei positive konsekvensane kome raskt - meir kraft tilgjengleg. Dette vil også bidra positivt i forhold til den natur- og klimakrisa vi har i verden.

Terje Lien Aasland, leiar i energi- og miljøkomiteen, er blant dei som tek til orde for «skånsom» utbygging av verna vassdrag. Han viser til at teknologien er kome så langt nå. Kva for teknologi gjer at vi i 2022 kan bygge ut verna vassdrag, utan at det skadar verneverdiane?

Vidare snakkar han om samfunnsansvar for kraftutbyggarar, det kan eg vere enig i at er på sin plass å nevne, om enn med ein noko anna innfalsvinkel.

Men... Det er også på tide at regjeringa , og leiar i energi- og miljøkomiteen viser eit overordna samfunnsansvar i forhold til norsk natur, og legg til grunn den natur- og klimakrisa vi har. Legg fakta til grunn for argumentasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Har ikkje leiar i energi- og miljøkomiteen eit samfunnsansvar til å formidle fakta om/snakke om potensialet/nødvendigheten av energiøkonomisering – i Norge og resten av den vestlege verden?

Er det rett av leiar i energi- og miljøkommiteen å «kjøpe» - ukritisk, næringslivet sitt rop om meir og meir kraft, for så å bruke dette i sin argumentasjon? Bør han ikkje stille spørsmålet – er alle desse behova om meir kraft samfunnsnyttige?

For å vere litt lokal – er det samfunnsnyttig med datasenter i Fyresdal – knytta opp mot kryptovaluta, eller datasenter «planane» til Google på Gromstul (Skien). Samtidig som ein ser på moglegheten for å få dei siste restane av vassdrag i Telemark i rør, inkl. dei verna.

I Telemark, særleg regionen Vest-Telemark, har naturen betala ein høg pris, i form av nedbygd natur. I Tokke er 98% av vasskraftspotensialet utbygd, i fylgje statsforvaltar.

Ønsker regjeringa å framstå som berekraftig og grøn, slik dei talar om både på innpust og utpust, så legg vekk tankane om å gå laus på verna vassdrag. Ta klima- og naturkrisa på alvor. FN rapportar slår fast at det er uråd å redde klimaet ved å bygge ned meir natur. Desse krisene heng saman.

Sats på energiøkonomisering/energieffektivisering, og definer samfunnsnyttig bruk av grøn energi. Gje ord som «berekraft» og «grønt skifte», faktisk berekraftig og grønt innhald.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Torfinn Sanden

medlem i vassdragsvernrådet i Naturvernforbundet