Villreinen treng ro og stor plass

Daverande miljøvernminister Erik Solheim ville i si tid bruke 11 millionar kroner for å sikre framtida for villreinen i norsk natur.

Tre av desse millionane skulle nyttast til arbeidet med nye fylkesdelplanar (regionale planar etter plan- og bygningslova) for villreinområda utanfor nasjonalparkane som har eigne forskrifter. Fleire av desse planane er forlengst vedteke med konsensus av dei berørte fylkeskommunane. Det gjeld Hardangervidda (Buskerud, Hordaland og Telemark), Rondane – Sølnkletten (Hedmark og Oppland) og Ryfylkeheiane - Setesdal Aust- og Vesthei. Korleis det ligg an med planprosessane i Nordfjella, Ottadalsområdet og Snøhetta, er meir usikkert.

Erfaringane så langt, i alle fall med planane som er omfatta av deler av Telemark, som eg kjenner best, fordi eg var med i referansegruppene, dvs. Hardangerviddaplanen og planen for Setesdal Austhei og Vesthei, samt Ryfylkeheiane, den såkalla «Heiplanen», viser at usemja var størst når det gjaldt fastsetjing av villreinens naturlege leveområde. Dei tema som skulle vegast opp mot kvarandre i planane var villrein, friluftsliv/rekreasjon og næring. Her var det ein dragkamp mellom næringsinteressene, til ein viss grad friluftslivets interesser og villreinens behov, fordi alle desse interessene skulle takast omsyn til.

Næringsinteressene pressa på for å få størst mogleg område til næringsutvikling, serleg turisme, dvs. hyttebygging, ved å krympe villreinområda mest mogleg. Til dømes ville enkelte ikkje rekne dei livsviktige vårbeiteområda, der reinen er i ein kort periode for å feite seg opp etter ein hard vinter, for reinens leveområde. Andre hevda at dei austlege lavområda, som tidvis er fri for reinen på grunn av tidlegare nedbeiting, for alltid har gjenge ut av bruk som vinterbeite, og som derfor kan byggjast ut og ha vinteropne vegar, slik som riksveg 7 over Hardangervidda, Imingfjellvegen og Suleskarvegen. Dette trass i at ein burde vite at villreinen kjem tilbake hit når lavmatta har grodd til att eller når vegane ikkje blir vinteropne. Denne heilt naturlege og livsviktige beiterotasjonen hjå villreinen synest å vera gløymd eller neglisjert i iveren etter å tilkjempe seg mest mogleg «næringsareal».

Nå skal desse for villreinens ve og vel viktige planane reviderast. Men i staden for innskjerping til beste for villreinen, som flytting av turisthytter og stenging av stiar og løyper, skjer det stikk motsette. Deler av randsonene i villreinområda skal få ein slags dobbeltfunksjon som til dømes støylsområde og friluftsareal, der det kan opnast for hyttebygging og der det som minner om masseturisme kan foregå. Og tett opp til grensene for villreinens leveområde blir det høve til meir og tyngre turistutbygging, som sjølvsagt vil ha uheldig influens på villreinen på andre sida av «grensa». Slike «grenser» utan buffersoner er i det heile meiningslaust.

Hadde det ikkje vore for at desse regionale fjellareala er villreinområde, ville dette planarbeidet ikkje blitt initiert frå Miljøverndepartementet (MD). Det burde bety at villreinens «legitime» behov for størst moglege inngrepsfrie og rolege leveområde må prioriterast i dette planarbeidet vidare. Dersom MD ikkje ser til at dette blir resultatet i fylkeskommunanes revisjonsarbeid, er dei tre millionane som blei øyremerkte midlar til denne planlegginga og seinare revisjonen, og i tillegg dei andre åtte millionane til andre tiltak (utvikling av villreinsentra på Hjerkinn og Skinnarbu og kunnskapsprosjekt om villrein i Snøhetta-området) bortkasta pengar. I så fall er det eit paradoks når Erik Solheim uttala at han ville ha større plass for villreinen.

Frå seinare klima- og miljøministrar nå i den blå-grøne regjeringa, har det naturleg nok ikkje kome signal om oppfølgjing i denne viktige saka.

Jon Ingebretsen

naturrettleiar og MDG-politikar

UNDER PRESS: Erfaringane frå planprosesser er at næringsinteressene presser på for å kunne bygge ut i villreinområda, skriv Jon Ingebretsen. Foto: Paul Kleiven