Foto: Paul Kleiven

Villreinstamma som forsvann

Tysdag meldte NRK Telemark at Mattilsynet og direktoratet vil skyte ned villreinstamma på Hardangervidda.

Ei jakt som truleg blir nedskyting frå helikopter av ei villreinstamme som Noreg har ei internasjonal forplikting ovafor FN å taka vare på.

Direktorat og Mattilsyn vil skyte ned ein villreinstamme på ca. 7000 dyr, til det berre er mellom 500 og 1000 dyr att. Ein villreinstamme som er 12000 år gamal. Kvifor? Det er ikkje noko som peikar i retning av at det er eit smitteutbrot av skrantesjuke på Hardangervidda. Det er funne eitt dyr med tidlegfase skrantesjuke. Det utgjer 0,25 promille av dei 4000 dyra som er skote i det seinaste.

Det blei skutt ein elg i Bamble med skrantesjuke. Meiner direktoratet at vi bør avlive all elgen i Noreg?

Det ordførarane i Hardangerviddarådet har bede om, det Villreinnemnda ber om, og det reinsjegerane og dei som er glad i villreinen ber om, er å gjere tiltak som er treffsikre i den fasen vi er i. Dei tiltaka som blir sett i verk må gje meir kunnskap om situasjonen. Dei tiltaka må avklarast og setjast i verk i samråd med Villreinnemnda. Kvifor kan ikkje direktorat og Mattilsyn lytte til folk?

No må dei gå på kurs hos Trygve Slagsvold Vedum og lære og drikke kaffe og lytte til folk. No må de lytte til Villreinnemnda for Hardangervidda. No må dei forstå at dei forvaltar ikkje sanninga åleine. Makt og mynde er ikkje det same som klokskap.

Jon Rikard Kleven

Ordførar i Vinje kommune og medlem av Hardangerviddarådet

IKKJE NOKO: Det er ikkje noko som peikar i retning av at det er eit smitteutbrot av skrantesjuke på Hardangervidda, skriv Jon Rikard Kleven. Foto: Paul Kleiven