Her er eit av hyt­te­fel­ta i Nis­se­dal som kan bli be­rørt av skat­te­end­rin­ga.
Her er eit av hyt­te­fel­ta i Nis­se­dal som kan bli be­rørt av skat­te­end­rin­ga. Foto: Torbjørn Tungesvik

2.000 kan sleppe hytteskatt

Heile 2.000 hytteeigarar og rundt 700 bu­sta­der kan sleppe eigedomsskatt frå 2016.

Det kan bli re­sul­ta­tet der­som Nis­se­dal Arbeidarparti får vil­jen sin.

–Ap er prin­si­pi­elt ikkje imot eigedomsskatt, men me ser at det er gode moglegheiter for inn­spa­ring i kom­mu­nen. Der­for vil par­ti­et ta vekk den­ne skat­ten som er uhel­dig for rei­se­li­vet. Det er meiningslaust å inn­fø­re eigedomsskatt når kom­mu­nen kan spa­re pengar på drif­ta, sei­er ordførar Hal­vor Homme til Var­den.

Man­ge frå Gren­land

Han fortel at Nis­se­dal har to­talt 2.000 hyt­ter.

–Man­ge av eigarane kjem frå Gren­land og Vestfold, men det er òg ein del hytteeigarar som bur len­ger sør i lan­det. Hytteigarane er dei som blir mest be­rørt av denne skat­ten. Dia­lo­gen med hyt­te­fol­ket har vore god, sei­er Hal­vor Homme.

Legg ned

Ap-ordføraren mei­ner det er stort potensiale for inn­spa­ring ved å sjå på skulestrukturen.

– Me mei­ner det er innlysande at skular med sju klas­ser og 14-15 elevar ikkje er bra. Der­for vil Ap leggje ned Fjo­ne sku­le og ta vekk mel­lom­trin­net på Kyr­kje­byg­da sku­le, sei­er Nis­se­dal-ordføraren.

Nis­se­dal har i dag tre skular. Hovudskulen i Tre­un­gen er frå 1-10 klas­se. Vidare har kom­mu­nen 1-7 sku­le både på Fjo­ne og i Kyr­kje­byg­da.

Frå 2016

Eigedomsskatten skal tre i verk frå 1. ja­nu­ar 2015.

– Me vil ha den vekk frå 2016. Våre fram­legg gjev ikkje nok inn­dek­king nes­te år. Også i øko­no­mi­pla­nen fore­slo Ap å ta den vekk frå 2016, så par­ti­et meinte det same i fjor, sei­er Hal­vor Homme.

I bak­vendt­land

Po­li­tisk sett er Nis­se­dal litt bak­vendt­land. Der gjekk opposisjonen, med blant andre Frp, inn for eigedomsskatt i fjor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Frp vil også ha vekk eigedomsskatten, men me må behalde den 2-3 år til, sei­er Frank E. Lien i Nis­se­dal Frp.

–Par­ti­et vårt ønskjer ein gjen­nom­gang av heile kom­mu­nen, Inn­spa­rings­po­ten­si­a­let er svært stort. Drif­ta i kom­mu­nen er på eit van­vit­tig høgt nivå. Ein svært stor del av inn­tek­te­ne går til å dekkje lønns­ut­gif­te­ne, mei­ner Frp-tals­man­nen.

Må dekkje tak­se­ring

–Kom­mu­nen kan ikkje fjerne eigedomsskatten før me har dek­ka ut­gif­te­ne til tak­se­ring, sei­er Frank E. Lien.

Saka om eigedomsskatt vil bli av­gjort når kom­mu­ne­sty­ret handsamar bud­sjett- og øko­no­mi­pla­nen før jol.