Trong om plassen på Dyrsku`n i går.
Trong om plassen på Dyrsku`n i går.

35.000 på Dyrsku`n i går

Laurdag blei ein knalldag for Dyrsku`n. Nesten 35.000 menneske var innanfor portane.

– Fantasisk resultat, opplyser sals- og marknadsansvarleg Yvonne Eilefstjønn.

På fredag var det 30.200 personar innanfor portane som er ny fredagsrekord. Dette betyr at om lag 65.000 menneske har besøkt fesjået i løpet av dei to fyrste dagane.

Store dagen

– Dyrskulaurdagen er tradisjonelt sett den store dagen for handel, og i år var ingen unntak. Allereie kl. 08.30 var publikum på plass og det tok ikkje lang tid før bodar og utsal var fulle med kjøpelystne og nyfikne gjester.

God handel

– Til trass for ei noko dyster vêrmelding, har det vist seg å bli ein fantastisk dag med svært god handel, og mykje folk på Dyrskuplassen, opplyser Eilefstjønn vidare.

Regn i dag

Dyrsku-rekorden lyder på 88.000 besøkande. Den vart oppnådd i fjor. Med ein regntung sundag blir det nok vanskeleg å nå dei tala i år.

Det var mange munnar å mette på dyrskulaurdagen.
Det var mange munnar å mette på dyrskulaurdagen.