Eva K. Flatin vil setje ny fokus på rosemåling.
Eva K. Flatin vil setje ny fokus på rosemåling.

Her får Eva Dyrsku-rosa

Måndag ettermiddag får husflidsansvarleg på Dyrsku'n, Eva K. Flatin, tatovert ei rose på ryggen.

– Det gjer vondt, men eg klarer dette, seier Eva, der ho ligg på benken til Julie Loomer i Galleri Dragedalen midt i Bø-gata.

– Rosemåling står på raudlista til Norges husflidslag. Eg ønskjer å syne at den tradisjonelle folkekunsten kan brukast på nye måtar, seier Eva K. Flatin.

Ho har ansvaret på husflidsutstillinga på Dyrsku'n i september. Sjølv har ho rike tradisjonar i familien sidan mamma Birgit Flatin og bestemor Ingebjørg Loftsgarden var rosemålarar.

– Gjennom diskusjonar fører ein kunsten vidare, seier Eva K. Flatin.

LES OGSÅ:Dyrsku’n omsetter for 500 millioner kroner

Eva K. Flatin vil setje ny fokus på rosemåling.
Eva K. Flatin vil setje ny fokus på rosemåling.
Her tatoverer Julie Loomer ei rose på ryggen til Eva K. Flatin.
Her tatoverer Julie Loomer ei rose på ryggen til Eva K. Flatin.