– Velkommen, roper nokon frå innsida.

Journalisten dunkar snø av føtene og trør inn i gangen. Det er som å kome til fjells. Til ei lun og varm fjellhytte. Det er nesten så det luktar ro i veggane. Ein skjønar fort at ryktet stemmer; det er mange som trivast på Bjaaland Bygderestaurant i Morgedal.

Den beste restauranten

Restauranten er stappfull når den er open annankvar helg, og onlinereservasjonssystemet DinnerBooking har kåra restauranten til Noregs beste i 2022, basert på tilbakemeldingar frå gjester.

– Me er i celebert selskap på den rankingen, seier ein litt forsiktig eigar, Thomas Berstad.

DinnerBooking vektlegg at restauranten lagar all mat frå botn, og helst på lokale matvarer og økologiske ingrediensar frå naturvenlege produsentar.

– Me er veldig takknemlege for all support, og det at folk snakkar oss opp. Vår viktigaste marknad er Vest-Telemark, og me prøver å legge til rette for at flest mogleg skal tørre å prøve oss, fortel Thomas.

Så langt har rundt 5000 vore innom sidan dei opna. 85 prosent av gjestene kjem frå Vest-Telemark.

OPPKALT: Bjaaland Bygderestaurant var tidlegare museum for Olav Bjaaland, norsk skipioner og polfarar. – Han har kome litt i skyggen av Sondre Norheim, men var ein viktig eventyrar, så me synest det var fint å kalle opp restauranten etter han, fortel Thomas. Foto: Kristin Tangen Tolo

Ein sekk av poteter

Varden var på besøk i restauranten i august. Sidan opninga i 2021 har Hellene og Thomas Berstad gradvis utvida familiebedrifta.

– Ja, det har balla på seg, seier Thomas og ler.

Før han rekker å fortelje meir kjem kona Hellene inn i lokalet.

– Hello, nice to meet you, seier ho på flytande australsk.

Paret møtte kvarandre i Australia mens Thomas gjekk på fotografstudier. Men så blei det reiseliv. Hellene og Thomas har til saman over 50 års erfaring innan hotell- og restaurantbransjen.

– Me er ein heil sekk av poteter, seier Hellene smilande, og fortel at dei har drive med alt frå vaktmestertenester til direktøroppgåver for ei stor hotellkjede i Australia.

Dei har reist og flytta rundt meir enn dei fleste på deira alder.

– Me møttes i Melbourne, så drog me til Kirkenes, så til København, deretter til Svalbard, så rundt omkring i heile Australia, så til Kirkenes att og så tilbake til Australia. Me fekk eldstemann Vincent i 2010 i Kirkenes, og Astrid i 2012 i New South Wales, fortel Thomas.

Så ein dag, på sommarferie heime i Morgedal, spurte mor til Thomas: Kva har dykk eigentleg planlagt vidare?

– Ho tenkte nok «her går eg og steller og passar på, og så sel dykk berre barndomsheimen når eg parkerer treskoa,» seier han og smiler.

Han har alltid tenkt at han ønska å gje ungane noko å kome tilbake til, og i Melbourne var ungane blitt tre og fem år og kunne ikkje sleppast av syne i byen.

– Det å vekse opp i skogen, i grisgrendte strøk, det å ha ei tilknyting til stad og natur; det har du ein god sjanse til å lære mens du er liten. Eit streetsmart storbyliv må alle gjennom på eit tidspunkt. Men det å vakse opp tett på natur, det er noko heilt spesielt.

Som sagt, så gjort.

HEIM TIL RØTER: Hellene og Thomas har slått seg til ro i Morgedal. Foto: Kristin Tangen Tolo

Røter

I 2016 flytta familien heim til Morgedal, og nå har dei bygd seg hus rundt ein gamal låve.

– Ja, me plukka ned ein låve nedi bygda, delte ein standard Vest-Telemark-treskelåve, og frakta den opp til heimstaden min. I oktober i fjor flytta me inn.

Det var ikkje noko alternativ å bu ein anna plass.

– Me ønskte å flytte til Vest-Telemark, og heim er der eg vaks opp; i krysningpunktet mellom Ordal og Morgedal.

Thomas skildrar vakre heimtrakter som ein typisk vest-tele.

– Det å sitte i robåt seint på kveld i småskumringa, mens du ror heilt lydlaust langs land; då skjønar du at du høyrer til her. Det er bra å ha ein stad å kome tilbake til etter å ha flytta så mykje rundt.

Me snakkar om diktet «Røter» av Olav Mosdøl.

– Eg har gode minne om verdas beste barneskulelærar Elise Mosdøl, gift med Olav. Mange av Olavs dikt er nært knyta til Vest-Telemark. Det er noko heilt eiget med røter. Som dei seier i Vest-Telemark: det æ´kje te å skuve under ein stol.

Han ønsker at familien og huset alltid skal vere eit haldepunkt i livet.

– Odd Nordstoga syng om den moderne vest-telen, dei som bur her og dei som har flytta. Alt bunner ut i ei tilknyting og eit hjarte for Vest-Telemark. Eg meiner Nordstoga har sagt at det finst ikkje den Vest-tele som ikkje lengtar etter “fjelle», og det trur eg stemmer. Me er utruleg knyta til landskapet her.

Thomas kiker bort på Hellene.

– Så får me heller bruke pengar på flybillettar, seier han, og blunkar lurt.

Mangesysleri

Thomas fekk jobb i Telemark næringshage då dei kom til Morgedal i 2016. Hellene jobba litt på kafé og på Morgedal hotell. Då hotellet gjekk konkurs i 2020 såg dei nokre gamle bygg låg ute for sal, og valde å kjøpe det gamle Bjaalandmuséet. Og så har det som nemnt balla på seg.

GOD STEMNING: Restauranten er heilt full når den er open annankvar helg. – Når me lagar seksrettars, går det rundt 200 tallerkenar ut frå kjøkenet i løpet av ein kveld, fortel Hellene og Thomas. Foto: Privat

– Ja, me fekk førespurnad om me ville vere med å kjøpe gjestehuset i Morgedal. Og litt etter fekk me også spørsmål om me ville drive Morgedal camping. Til slutt fekk me kjøpe Vinje bryggeri i Bøgrend. Alt dette passa godt inn i vårt økosystem; puslespelbrikkene fall på plass i det som nå har blitt mangesysleriet vårt. Forhåpentlegvis kan økosystemet etter kvart bære oss begge.

I mai 2022 sa Thomas opp jobben sin i næringshagen.

– Nå må me prøve dette ei tid og sjå om det er berekraftig, seier han.

– Only a few tears, seier Helene, og sikter til tøffe tider med selskapa i oppstart.

– Ja, det skraper litt ekstra nokon månader. Det er ikkje verdas lettaste tider, men omsetninga har økt frå første til andre år i restauranten, og målet i år er å gå i null. Det blir ingen luksus, men slik er det i oppstart. Me må bygge stein på stein, fortel Thomas.

Og det har dei verkeleg gjort. Borda i restauranten til dømes. Dei har felt trær, skore til plank og pussa og olja materialane. Bardisken er ein gamal kjøkkenbenk.

– Me treng jo ikkje pengar når me aldri har tid til å bruke dei, seier Hellene litt ironisk.

LÅG TERSKEL: – Me kan ikkje halde same prismønster som urbane strøk, sjølv om kvaliteten er minst like høg. Det må vere låg terskel for å kome hit. Eg trur me har Noregs billegaste seksrettars, seier Thomas. Foto: Privat

Thomas fortel at folk har tatt eigarskap i restauranten.

– Det er ein fantastisk entusiasme, folk ønsker å hjelpe oss. Dei ser at dette er med på å gje Morgedal bustadsattraktivitet. Tilknyting skjer jo ikkje av seg sjølv. Det må la seg gjere å bu i regionane.

Han er opptatt av levelege bygder.

– Det må vere mat, kultur og tomter. Attraktive lokalsamfunn. Nokre kommunar er flinkare enn andre til å legge til rette, men eg vil ikkje nemne namn.

Livsbalanse

Konseptet på Bjaaland Bygderestaurant er tapas på fredagar og seks-rettars på laurdagar.

– Me ønsker å spegle det mangfaldige fjellandskapet i Vest-Telemark, og i kvar rett me serverer skal det vere minst ei lokal råvare, seier Thomas.

I løpet av våren skal paret også ta over drifta av museumskaféen på Norsk Skieventyr. Dei håper mat og sal av lokale råvarer og nokre butikkvarer vil trekke til seg forbipasserande langs E134.

– Kaféen, som skal heite Kantina til Bjaaland, blir eit enklare konsept, men med same grunnfilosofi som for restauranten, fortel dei.

NY DRIFT: – Kantina til Bjaaland viderefører tanken om lokale råvarer der det er mogleg. Me kjem også til å ha eit Landhandelhjørne med lokale råvarer, samt nokre basisvarer sidan den lokale butikken la ned i fjor, fortel Thomas. Foto: Kristin Tangen Tolo

Under koronaen fann dei ut at dei også måtte finne på noko utandørs, og slik blei bygdefestivalen til.

– Me har laga eit selskap for bygdefestivalen og. Morgedal treng ein bygdefestival.

– Kor kjem alle pengane til investeringar frå?

– Me har ingen pengar, men det har dei lokale bankane. Nå i oppstarten pløyger me overskot attende i verksemdene. Servering, bryggeri og reiseliv er bransjer der det meste av kostnadane gjev ringverknader og arbeid til lokalsamfunnet.

MÅL: – Me ønsker å spegle det mangfaldige fjellandskapet i Vest-Telemark, og i kvar rett me serverer skal det vere minst ei lokal råvare. Foto: Kristin Tangen Tolo

Håpet er at økosystemet deira skal betale rekningane.

– Me må kanskje jobbe ræva av oss nå for å sjå om me kan få det opp på eit nivå som kan livnære oss og gje arbeid til fleire. Men klarer me å skape nok, så er livsbalansen veldig allright, seier Thomas.

– Saknar du Australia, Hellene?

– Ja, det gjer eg.

Ho fortel at det er litt vanskeleg å lære seg norsk, og at ho slit med dialektar. Og så kjem ungane heim med nynorsk-lekser.

– Korleis går det?

– Ikkje så bra, seier ho og ler.

– Kjem de til å flytte tilbake til Australia?

– Du kan dra, men eg blir her, seier Thomas og ler godt.

Og så legg han til, litt meir alvorleg:

– Men då fell korthuset.

Latteren har sitte laust hos dei begge gjennom intervjuet. Dei blir einige om ein felles «statement» som passar til slutt:

– Me skal bu her, men fortsette å reise. Me må berre finne tid.

VELKOMMEN: Eit hyggeleg norsk-australsk vertskap, Thomas og Helene, ønsker velkommen til Bjaaland Bygderestaurant, og snart også til Kantina til Bjaaland på Skimuséet. Foto: Privat