annonse

Sel el-syklar som «hakka møkk»

MOROSAMT:
MOROSAMT: Hedda Andersen og Mathilda Langburne synest det er bra at ein kan køyre el-sykkel før ein blir gamal nok til å ta mopedsertifikatet. Likevel har dei opplevd at nokon ikkje veit korleis ein skal oppføre seg i trafikken, og trur eit kurs kunne vore nyttig. (FOTO: MARIT MJØLSNESET)
– Foreldra må vakne no

Utan sertifikat og hjelm kan Hedda (13) og Mathilda (14) lovleg køyre dei skuterliknande el-syklane sine. Scootipuff Norge AS fortel at dei sel el-syklar som «hakka møkk» til barn og pensjonistar.

  • Marit Mjølsneset
  • Stine Viddal Øi

SE VIDEO: Trygg Trafikk skeptisk til el-sykler.

For Mathilda Langburne var det ikkje vanskeleg å bestemme kva konfirmasjonspengane skulle gå til. I lang tid hadde ho hatt lyst på el-sykkel.

No har draumen gått i oppfylling, og sykkelen har ikkje skuffa.

– Det er for det fyrste moro å køyre den. Det er som å få ein smak av moped, fortel Mathilda.

Ho er svært nøgd med å sleppe å ta buss eller bli køyrd rundt av foreldra.

 facebook-knapp=

Ulike typer

Når ein høyrer ordet el-sykkel tenker ein på ein sykkel som ser ut som ein vanleg trøsykkel med ei batteripakke festa på.

El-sykkelen til Mathilda har same krav til ytelse og maksfart, men det er to ting som skil den frå den litt traustare varianten av el-sykkelen.

Den eine forskjellen er nettopp korleis den ser ut. Den andre er kor lett det er å kople ut pedal- og fartsensorane.

Gjer ein dette, er el-sykkelen ikkje lenger for ein sykkel å rekne, men ein uregistrert moped.

TRIMMING:
TRIMMING:: Koplar ein ut dei innebygde sensorane kan køyretøyet gå raskare, og ein er ikkje avhengig av å trø sjølv, slik foreskriftene seier at ein må for å køyre lovleg. Foto: FOTO: JANNICKE MØLLER ANDERSEN

«Trimming»

– Det er berre å dra ut ein liten plugg, så slepp ein å trø. Då er valet lett for mange, og dei fleste eg kjenner har gjort dette, fortel Mathilde openhjartig.

Koplar ein ut dei innebygde sensorane kan køyretøyet gå raskare, og ein er ikkje avhengig av å trø sjølv, slik foreskriftene seier at ein må for å køyre lovleg.

Som ein sykkel

Så lenge ein ikkje tuklar med el-sykkelen er den nemleg omfatta av same regelverk som ein vanleg trøsykkel. Hjelm er ikkje påbode, ein kan ha ein person på opp til ti år bakpå, og ein kan sykle på fortau og gang- og sykkelvegar.

Mathilda seier ho skjønar at folk støkk når ein ser el-syklane utan nummerskilt og med hjelmlaus førar.

– Det ser meir ut som ein moped enn ein sykkel. Det er eigentleg litt rart at ein ikkje treng nokon form for kurs for å køyre dei, seier Mathilde, som presiserar at ho sjølv alltid brukar hjelm.

Ikkje uroa

Mor til Mathilda, Grete Hagen, er oppteken av hjelmbruk saman med el-syklane, men utanom det er ho positiv til oppfinninga.

– Det har gjeve Mathilde ein større fridom, og dei går ikkje så fort at eg er uroa, seier Hagen.

Sel som «hakka møkk»

– Vi står på hovudet og prøvar  å få skrudd saman nok syklar, fortel daglig leiar i Scootipuff Norge AS, Kåre Andersen, frå hovudkontoret i Kristiansand. 

Han fortel at dei har selt fleire tusen el-syklar på landsbasis,  med hovudvekt på Agder og Rogaland, sidan starten i 2007. 

I Telemark er det selt nokre hundre el-syklar. Blant forhandlarane finn ein Anthonsen Sykkel og Fritid i Skien, Scootipuff Notodden  og Miberg Produkter i Drangedal.

Andersen fortel at kundegruppa kan delast i to.  

– Det er ungdom frå tolv til 16 år – og opp til 20 år i byane, i tillegg er det dei fra 65 år og oppover. Den eldste kunden vår er 95 år gamal, seier han.

Salget av el-syklar kjem til å bli dobla i år, ifylgje anslag frå Syklistenes Landsforening .

På landsbasis kjem det i år til å bli selt meir enn 10.000 elektriske el-syklar i år, skriv NTB.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.