Hedda Andersen og Mathilda Langburne synest det er bra at ein kan køyre el-sykkel før ein blir gamal nok til å ta mopedsertifikatet. Likevel har dei opplevd at nokon ikkje veit korleis ein skal oppføre seg i trafikken, og trur eit kurs kunne vore nyttig.
Hedda Andersen og Mathilda Langburne synest det er bra at ein kan køyre el-sykkel før ein blir gamal nok til å ta mopedsertifikatet. Likevel har dei opplevd at nokon ikkje veit korleis ein skal oppføre seg i trafikken, og trur eit kurs kunne vore nyttig. Foto: FOTO: MARIT MJØLSNESET

Sel el-syklar som «hakka møkk»

Utan sertifikat og hjelm kan Hedda (13) og Mathilda (14) lovleg køyre dei skuterliknande el-syklane sine. Scootipuff Norge AS fortel at dei sel el-syklar som «hakka møkk» til barn og pensjonistar.

SE VIDEO:Trygg Trafikk skeptisk til el-sykler.

For Mathilda Langburne var det ikkje vanskeleg å bestemme kva konfirmasjonspengane skulle gå til. I lang tid hadde ho hatt lyst på el-sykkel.

No har draumen gått i oppfylling, og sykkelen har ikkje skuffa.

– Det er for det fyrste moro å køyre den. Det er som å få ein smak av moped, fortel Mathilda.

Ho er svært nøgd med å sleppe å ta buss eller bli køyrd rundt av foreldra.

Brita Straume, distriktsleiar for Trygg Trafikk meiner mange unge el-syklistar er farlege i trafikken.
Brita Straume, distriktsleiar for Trygg Trafikk meiner mange unge el-syklistar er farlege i trafikken. Foto: FOTO: JANNICKE MØLLER ANDERSEN

Ulike typer

Når ein høyrer ordet el-sykkel tenker ein på ein sykkel som ser ut som ein vanleg trøsykkel med ei batteripakke festa på.

El-sykkelen til Mathilda har same krav til ytelse og maksfart, men det er to ting som skil den frå den litt traustare varianten av el-sykkelen.

Den eine forskjellen er nettopp korleis den ser ut. Den andre er kor lett det er å kople ut pedal- og fartsensorane.

Gjer ein dette, er el-sykkelen ikkje lenger for ein sykkel å rekne, men ein uregistrert moped.

«Trimming»

– Det er berre å dra ut ein liten plugg, så slepp ein å trø. Då er valet lett for mange, og dei fleste eg kjenner har gjort dette, fortel Mathilde openhjartig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Koplar ein ut dei innebygde sensorane kan køyretøyet gå raskare, og ein er ikkje avhengig av å trø sjølv, slik foreskriftene seier at ein må for å køyre lovleg.

Som ein sykkel

Så lenge ein ikkje tuklar med el-sykkelen er den nemleg omfatta av same regelverk som ein vanleg trøsykkel. Hjelm er ikkje påbode, ein kan ha ein person på opp til ti år bakpå, og ein kan sykle på fortau og gang- og sykkelvegar.

Mathilda seier ho skjønar at folk støkk når ein ser el-syklane utan nummerskilt og med hjelmlaus førar.

– Det ser meir ut som ein moped enn ein sykkel. Det er eigentleg litt rart at ein ikkje treng nokon form for kurs for å køyre dei, seier Mathilde, som presiserar at ho sjølv alltid brukar hjelm.

Ikkje uroa

Mor til Mathilda, Grete Hagen, er oppteken av hjelmbruk saman med el-syklane, men utanom det er ho positiv til oppfinninga.

– Det har gjeve Mathilde ein større fridom, og dei går ikkje så fort at eg er uroa, seier Hagen.

Sel som «hakka møkk»

– Vi står på hovudet og prøvar  å få skrudd saman nok syklar, fortel daglig leiar i Scootipuff Norge AS, Kåre Andersen, frå hovudkontoret i Kristiansand. 

Han fortel at dei har selt fleire tusen el-syklar på landsbasis,  med hovudvekt på Agder og Rogaland, sidan starten i 2007. 

I Telemark er det selt nokre hundre el-syklar. Blant forhandlarane finn ein Anthonsen Sykkel og Fritid i Skien, Scootipuff Notodden  og Miberg Produkter i Drangedal.

Andersen fortel at kundegruppa kan delast i to.  

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er ungdom frå tolv til 16 år – og opp til 20 år i byane, i tillegg er det dei fra 65 år og oppover. Den eldste kunden vår er 95 år gamal, seier han.

Salget av el-syklar kjem til å bli dobla i år, ifylgje anslag frå Syklistenes Landsforening .

På landsbasis kjem det i år til å bli selt meir enn 10.000 elektriske el-syklar i år, skriv NTB.

Brita Straume i Trygg Trafikk ser at mange unge manipulerar el-syklane og er farlege i trafikken.

Distriktsleiaren for Telemark fortel at dei kvart år etter konfirmasjonsperioden får mange telefonar frå bekymra småbarnsforeldre.

– Mange ungdommar brukar el-syklane som eit leiketøy, og råkøyrer rundt i byggefelt der små born leikar.

Straume ser med uro på kor enkelt det er å fjerne sperringane på fart og trøing.

– Ein ser ungdom suse forbi med føtane godt planta på fotbrettet utan å trø. Det tyder at dei har gjort noko uloveleg med sykkelen.

Uforsvarlege foreldre

Straume trur mange foreldre ikkje skjønar kor enkelt det er å manipulere el-syklane og held fram at det til sjuande og sist er deira ansvar at borna er trygge for både seg sjølve og andre i trafikken.

– Det er heilt uforsvarleg viss foreldre kjøper slike syklar til tolvåringar, meiner Straume.

Ho peikar på at born ikkje har utvikla evnene til å sjå konsekvensane av handlingane sine enno.

Gråsone

Overingeniør ved Skien trafikkstasjon, Harald Storteig, stadfestar at det har vore eit problem at dei skuterliknande el-syklane er lette å manipulere.

Dessutan har vegdirektoratet uttalt at ein må kunne forvente at noko som definerast som ein sykkel skal vera utforma slik at dei går an å trø.

– El-syklane som liknar veldig på ein skuter ligg i ei gråsone. Trøkraft skal vera den primære drivkrafta til ein sykkel, seier Storteig.

Han meiner likevel at situasjonen er betre no, enn då el-syklar var eit nytt fenomen på marknaden.

–Eg har inntrykk av at både forhandlarar og kjøparar kjenner betre til lovverket no enn for nokre år sidan.

Svakt lovverk

Distriktsleiar Straume meiner dei som utformar lovverket og  produsentane må ta sin del av ansvaret.

– Her har ein rett og slett ikkje hange med i svingane. Nye produkt kjem på marknaden, og lovverket blir for svakt. Dessutan synest eg det er spekulativt av produsentane og utforme syklane slik at dei spesifikt appelerar til unge menneske, seier Straume.