Varden

Nyheter

Svensken som skapte Dyrsku`n

Svensken som skapte Dyrsku`n

Nye folkefestar står for døra i Seljord utover sommaren og hausten. Det var svensken Johan Lindeqvist som skapte Dyrsku`n.

Han blei fødd i små kår 7. oktober 1823 i Østra Gerum i Skaraborg i Sverige. Der gjekk han ut som veterinær 1. juli 1845 med beste karakter i alle fag. Fem år seinare søkte han styrar- og lærarstillinga ved Bratsberg Amts landbruksskule på Mæla i Skien. Han blei innkalla til konferanse, men godtok ikkje vilkåra.

Amtmann J.C Aall var sterkt interessert i jordbruk og fekk amtformannskapet til å løyve midlar, slik at i åra 1851-53 blei Johan Lindeqvist reisande agronom i Bratsberg amt.

Se dette bildet i full størrelse
 - STATSAGRONOM Johan Lindeqvist var statsagronom frå 1855-72. Ei vandrekanne med hans namn er ein av premiane på fesjået. Han slo seg seinare gardbrukar i Arvika der han døydde ugift sommaren 1898.

STATSAGRONOM: Johan Lindeqvist var statsagronom frå 1855-72. Ei vandrekanne med hans namn er ein av premiane på fesjået. Han slo seg seinare gardbrukar i Arvika der han døydde ugift sommaren 1898.

Han fekk da godt innsyn i husdyrhaldet i regionen, som var prega av manglande kunnskapar om både avl og foring. Fjøsa var jamt over både tronge og møkkete. Lindeqvist skreiv derfor ein gong i ei av årsmeldingane sine: «Hvilken gledje skulle det inte vara for mig at gå från gård til gård og rope ut Rent, Rent». Dårleg foring og manglande hygiene var såleis ein av grunnane til etableringa av fesjået. Svelteforinga i fjøsa opptok elles samfunnskritiske røyster som Aasmund Olavsson Vinje. Han skreiv om dette i avisa Dølen 28. november 1858.

Handel med livdyr

Lindqvist hadde også andre grunnar til å etablere Dyrsku`n. Alt på den tid var den stor omsetnad av livdyr i amtet, men agronomen ønskte å få ei betre og opnare ordning der seljar og kjøpar kunne møtast.

I 1855 blei han tilsett som statsagronom i Bratsberg og fekk husdyravl som spesialfelt, fortel Alfred Bolstad i jubileumsboka om Dyrsku`n. Svensken hadde funne ut at Telemarkskua passa best i fjell- og dalbygdene, og han tok derfor initiativet til det fyrste rasedyrskuet på Moen i Kviteseid 19. september 1856. Dei neste åra blei det halde dyrsku kvart år i øvre og midtre delar av fylket, der fesjåa veksla mellom Dalen, Seljord, Sauland, Gvarv og Kviteseid. Seljord hadde det fyrste dyrskuet i 1858.

 - FOLKEFEST Kronprins Olav på Dyrskun ved jubileet i 1956.

FOLKEFEST: Kronprins Olav på Dyrskun ved jubileet i 1956.

På fyrsteplass

Seljord blei yndlingsstaden til Lindeqvist. Det går klart fram av rapporten hans til Indre-Departmentet. Der heiter det at blant desse stadene «... inntager Siljord den første Plads med Hensyn til Mængden af fremstillede gode, vakre og enstarde Kreaturer, hvilket kommer sig af denne Bygds Beliggenhed i Midten af de fornemste Kvægavlsdistrikter i Øvre og Nedre Telemarken.»

Lindeqvist kjem med klar tale vidare i brevet til departementet: «Hvis man paa noget Sted her i Landet skulde afholde et aarligt Kvægskue for Statens Regning, paa samme Maade som den aarlige, almindelige Hestutstilling i Gudbrandsdalen, saa tror jeg, at man vanskelig vilde finde et Sted som var bedre skikket dertil end Siljord.»

I fyr og flamme

Ikkje uventa blei seljordingane i fyr og flamme over brevet til statsagronomen. Ordførar Jens Thue la fram søknad om at Seljord skulle blir fast stad for det statlege dyrskuet.

Vedtak blei gjort av kommunestyret 15. februar 1865. Snaue tre veker seinare ekspederte amtmann J. C Aall søknaden vidare med positiv innstilling, og 10. mars bad departementet Lindeqvist om uttale. Den 18. mars 1865 skreiv statsagronomen at Seljord er sjølvskriven lokalisering for «Statens Qvægudstilling.»

Fyrst gjekk amtskomiteen inn for søknaden 22. juni, og to dagar seinare «velsigna» eit samrøystes amtsformannskap dette.

Saka blei godkjent i Stortinget 28. november 1865, og i februar året etter løyvde nasjonalforsamlinga 300 spesidalar til årleg drift av statsdyrskuet og 750 spesidalar til bygging av nytt fjøs. Staten bladde såleis opp rundt 3.000 kroner til bygginga.

Lite visste nok Johan Lindeqvist den gongen om at han dermed la grunnlaget for både folkefestar og millionrulling utan sidestykke i øvre Telemark.

 - TIDLEGE ÅR Dyrskuplassen i Seljord - biletet er truleg frå 1867.

TIDLEGE ÅR: Dyrskuplassen i Seljord - biletet er truleg frå 1867.