annonse

Vegen har kosta 235 millionar. Måndag blei snora klipt på nye E134

DEBUTERTE
DEBUTERTE: Fylkesordførar Sven Tore Løkslid hadde fyrste kippeoppdraget i Vinje, assistert av ordførar Jon Rikard Kleven og byggeleiar Olav Heggenes. ALLE (Foto: HALVOR ULVENES)

Sven Tore Løkslid hadde fyrste klippeoppdraget som fylkesordførar da parsellelen frå Velemoen til Grungedal blei opna måndag.

Halvor Ulvenes

– Ein milepæl, sa Sven Tore Løkslid om prosjektet på E134 til 235 millionar kroner.

Byggestarten på strekningen over 8,6 kilometer var i 2012, og no står anlegget ferdig med ei vegbreidde totalt på 9,5 meter.

Dei siste vel tre kilometerane, frå Grunge kyrkje til Grungedal, blei ein realitet da Telemark fylkeskommune og Vinje kommune gjennom eit spleiselag forskotterte 60 millionar. Dette var fordelt med 45 millionar på fylkeskommunen og 15 millionar på Vinje kommune. Desse midlane får dei refundert seinare.

Må stå på

Fylkesordføraren understreka at trafikktryggleiken er viktig ved denne utbygginga. Strekningen har nemleg vore ein flaskehals i øvre Telemark. Løkslid minna elles om at snart blir valet gjort for hovudsamband mellom aust og vest, og at trasèen over Haukeli har gode kort på handa med blant anna størst trafikk.

– Me må stå på, og ikkje la lokale særinteresser styre, sa fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

Viktig for næringslivet

Ordførar Jon Rikard Kleven peika på at vegen er viktig både for reiselivskommunen Vinje med 5.000 hytter og for anna næringsliv. Han minna vidare om at denne strekningen blir nytta mykje av fastbuande i kraftkommunen. Kleven la ikkje skjul på at det hadde vore skepsis i Vinje for å måtte forskottere for staten.

– Me har fått mykje for pengane, konstaterte ordføraren i Vinje. Børge Skårdal frå AS Haukelivegen synest anlegget er blitt veldig flott. Skårdal takka både entreprenørar og vegvesenet, og fortalte at lokalpolitikar Roar Berg-Hansen i Vinje hadde peika på denne trasèen som svært aktuell for utbetring.

Avdelingsdirektør Kjell Solheim, som leia opninga, sa seg også svært godt fornøgd med resultatet. Han nytta høvet til å dele ut blomar til dei som har stått for utbygginga, både entreprenørar og tilsette i Statens vegvesen.

Ragnvald Christenson frå Edland tok eit historisk tilbakeblikk, der han fortalte at dette har vore ei viktig ferdselsåre gjennom hundrevis av år. Christenson viste til pilegrimsvandringar tilbake til 1200-talet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.