Et mobilt Nav-kontor som kan besøke de forskjellige stedene langs kanalen er en av synergieffektene til en kanalkommune, ifølge det fantasifulle forslaget om en ny Kanalkommune.
Et mobilt Nav-kontor som kan besøke de forskjellige stedene langs kanalen er en av synergieffektene til en kanalkommune, ifølge det fantasifulle forslaget om en ny Kanalkommune.

Foreslår ny kanalkommune

Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid ser for seg ein ny storkommune med Tokke, Kviteseid, Nome og Skien.

NB: Dette varVardens aprilspøki 2015.

Ei utgreiingsgruppe leia av Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid har jobba med kommunesammanslåing sidan desember.

No er den eintydige konklusjonen klar: Gruppa ynskjer ein heilt ny kommunemodell kalla Kanalkommunen.

Storkommunen er sett saman av Tokke, Kviteseid, Nome og Skien – kommunar langs vest-løpet av Telemarkskanalen.

Flytende kontor på kanalen

Ordføraren seier at denne kommunemodellen har eit naturleg geografisk og tematisk grunnlag.

Ein av fordelane med ein slik kanalkommune er at det vil vere mogleg å etablere mobile offentlege tenester langs vassvegen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gerd Kari Skålen, leiar i NAV Tokke/Vinje, støttar dette og har allereie lufta ideen om eit flytande NAV-kontor. Stader som Skotfoss, Fjågesund, Flåbygd og Lårdal vil få eit betra offentleg tilbod.

By og land - hand i hand

– I dei seinste 100 åra har reiselivet bunde kommunane tett saman. Ein vil med denne kommunesamanslåinga få ei god blanding av by/land kommunar, seier ordførar Vågslid.

Før saka skal handsamast i administrasjonen vil ordføraren gjerne høyre korleis forslaget vert motteke, og ber om synspunkt på telefon eller epost.